Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, vil at ansatte skal melde fra om seksuell trakassering. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Vedtok felles komité mot seksuell trakassering

Under representantskapsmøtet til Universitets- og høgskolerådet har medlemma i dag vedteke at dei skal ha en felles komité i arbeidet mot seksuell trakassering i akademia.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Representantskapet i Universitets- og høgskolerådet (UHR) har møte på Lillehammer denne veka, og diskuterer mellom anna seksuell trakassering.

I dag, onsdag, har dei blitt samde om ein felles komité som skal arbeide mot seksuell trakassering i akademia, etter forslag frå rektor Frank Reichert (UiA).

Toppane ved dei forskjellige universitetane og høgskulane i landet har bede styret ta saken videre. Dei vil også ha ei kartlegging og kanskje også forskningsprosjekter om temaet, etter forslag frå HiOA-rektor Curt Rice.

Etter ønske frå Norsk studentorganisasjon (NSO), skal dei også vurdere å ta inn spørsmål om seksuell trakassering i SHOT (Studentenes helse- og trivselsundersøkelse).

Olsen uroa for om folk seier ifrå

— Den største uroa mi når det gjeld seksuell trakassering er at dei som opplever det ikkje melder frå, fordi dei trur sakene ikkje vert tekne på alvor.

Det seier UiB-rektor Dag Rune Olsen til På Høyden.

Curt Rice, rektor ved Høgskulen i Oslo og Akershus, sa nyleg til Khrono at han meiner at arbeidet mot seksuell trakassering i sektoren går for sakte.

Dersom det er slik eg mistenkjer, nemleg at få tør å melda frå, trur eg det kan handla om at tilliten til at institusjonen tek dette på alvor og klarar å handtera det, er låg.

Dag Rune Olsen

Asymmetri

Olsen seier at han ikkje kjenner til konkrete saker om seksuell trakassering ved UiB. Men:

— Fenomenet seksuell trakassering finst i akademia, det er det ingen tvil om. Dersom det er slik eg mistenkjer, nemleg at få torer å melda frå, trur eg det kan handla om at tilliten til at institusjonen tek dette på alvor og klarar å handtera det, er låg, seier Olsen.

— Kvifor melder ein ikkje frå?

— Det er ein asymmetri i maktforhold i vår sektor. Dette gjeld mange arbeidsplassar med ein hierarkisk arbeidsfordeling både adminsitrativt og fagleg. Men hos oss gjeld det kanskje særleg forholdet mellom rettleiar og student. Det er rettleiar sitt ansvar å innsjå denne asymmetrien, seier Olsen.

Han seier han er redd for at dei som opplever seksuell trakassering ikkje melder frå, fordi dei er redde for kva det vil få å seia for karrieren deira.

— Kan ikkje flørta

— Kor går grensa for kva som er klønete flørting og kva som er seksuell trakassering?

— Når det gjeld forholdet mellom student og rettleiar, så er det òg forbode å flørta. Me som institusjon kan sjølvsagt ikkje forby kjensler mellom vaksne menneske, men dersom det oppstår, kan ein ikkje lenger ha eit student-rettleiar-forhold. Og det er ikkje studenten som skal måtte ta ansvar for å avslutta dette.

— Betyr det at både dersom ein innleiar eit seriøst forhold og dersom ein hamnar i same seng etter til dømes eit julebord, så kan ein ikkje lenger ha eit rettleiar-student-forhold?

— Eg skal vera litt forsiktig med å uttala meg om det. Men jo, eg meiner det er i strid med kva ein kan gjera. Ein er ikkje to likeverdige partar på grunn av arbeids- og faglege forhold, seier Olsen, og legg til:

— Det er godt mogleg at godt vaksne menn som er trekte fram i samanheng med #metoo har meint at det som skjedde var frivillig. Men då gløymer ein ein asymmetri i maktforholdet.

Rektor peikar på både arbeidsmiljøundersøkinga ARK og “Si ifra”, som skal implementerast for studentar innan 2018, vil vera viktige reiskapar for at UiB skal kunne jobba systematisk med problemet framover.

— Dette er tiltak som legg til rette for at ein skal kunne seia i frå.

Tema hos UHR

Mobbing og trakassering står høgt på agendaen under UHR-møtet, og Olsen sa på førehand at han forventa at UHR skulle komme fram til ein felles fråsegnad.

— Fleire debattar i vår sektor er friske. Det skal dei vera. Men eg synest ein del av dei går over til å verta persontrakassering. Me treng i større grad fokus på både mobbing og trakassering i vid forstand, seier Olsen.

Korleis avdekka underrapportering?

#metoo-kampanjen i sosiale media har avdekka mange historier om seksuell trakassering, seinast har ein god del saker frå mediebransjen vorte kjende. Sakene ligg til dels lagt tilbake i tid. Spørsmålet Dag Rune Olsen no lurer på korleis han skal få svar på, er korleis ein kan kartlegga omfanget av slike saker.

— Me treng hjelp frå nokre samfunnsvitarar. Korleis kan ein avdekka eit omfang når underrapportering truleg er problemet? Det er fleire miljø i Bergen som har solid samfunnsvitskapeleg metodekunnskap, og eg kan godt tenkja meg å gi dei i oppdrag å sjå nærare på dette. Ei potensiell kartlegging kan òg skapa ei bevisstgjering i sektoren, seier Olsen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS