Direktør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe ved Universitetet i Oslo  ønsker at nytt rektorat skal ha påverknad på innretninga av stillinga som kommunikasjonsdirektør og vraker derfor 37 søkarar. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Droppar direktør for kommunikasjon no

Universitetet i Oslo vrakar sine 37 søkarar til kommunikasjonsdirektør sju månader etter at søknadsfristen gjekk ut, og vil lyse ut stillinga på nytt.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sju månader etter at søknadsfristen har gått ut og fleire kandidatar tidlegare i vår har vore inne til intervju, har leiinga ved Universitetet i Oslo bestemt seg for å ikkje tilsette nokon av dei 37 søkarane til ny kommunikasjonsdirektør. Stillinga vil bli lyst ut på nytt på eit eller anna tidspunkt, melder Uniforum.

Bergen og Tromsø også

Også Universiteta i Bergen og Tromsø skal finne seg nye kommunikasjonsdirektørar etter kvart. Ved Universitetet i Bergen er dei i gang med å rekruttere ny kommunikasjonsdirektør etter at  Ingar Myking har gått over i jobb som direktør ved universitetsdirektøren sitt kontor.

For over ei veke sidan gjekk fristen for å søke stillinga som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Bergen ut, men søkarlista er enno ikkje offentleg, skriv På Høyden.

Marina Tofting som slutta som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Oslo rett før jul i fjor, for å bli kommunikasjonsleiar ved Vitskapsakademiet, er dermed enno ikkje erstatta. Stein Roar Fredriksen som er konstituert i stillinga har også vore ein av søkarane. 

Vi håpar sjølvsagt at så mange kvalifiserte søkarar som mogleg vil søke på nytt når stillinga igjen blir lyst ut. Det er for tidleg å seie når dette vil skje.

Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum

Les også: Bergen og Oslo leiter etter kommunikasjonsdirektør

Rekrutteringsbyrået, Amrop Delph, har ifølge Uniforum opplyst søkarane om at det vil «være anledning til å søke igjen.»

Skifte av rektorat

— Vi har hatt eit skifte av rektorat denne hausten, og vi  ønsker at nytt rektorat skal ha påverknad på innretninga av stillinga. Vi har derfor vedtatt å stansa utlysinga i denne omgang. Vi håpar sjølvsagt at så mange kvalifiserte søkarar som mogleg vil søke på nytt når stillinga igjen blir lyst ut. Det er for tidleg å seie når dette vil skje, opplyser universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum.

Uniforum har snakka med nokre av søkarane som meiner universitetet har handsama saka uprofesjonelt. 

– Det blir opplevd som svært uprofesjonelt av UiO-leiinga å setje i gang ein så omfattande rekrutteringsprosess, som ein så let renna ut i sanden. Det kom neppe som ei overrasking at det var rektorval -  noko som kanskje har noko med saka å gjera? spør denne søkaren.

Ventar med utlysing i Tromsø

Kommunikasjonsdirektøren ved UiT Norges arktiske universitet, Asbjørn Bartnes, har også sagt opp stillinga si etter 10 år for å gå over i tilsvarande jobb i politiet, og han sluttar  ved Universitetet i Tromsø1.desember. 

UiT har enno ikkje lyst ut stillinga. Bartnes opplyser til Khrono at Hanne Karde kjem til å bli konstituert som kommunikasjonsdirektør fram til den administrative gjennomgangen av UiT er klar og det er etter planen 1.januar. Stillinga som kommunikasjonsdirektør ved tromsøuniversitetet blir dermed tidlegast lyst ut på nyåret. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS