For dårleg samarbeid i norsk polarforskning

Publisert - Sist oppdatert
Polarinstituttet på Svalbard har nest flest personer som driver med polarforskning. Illustrasjonbilde.

Polarinstituttet på Svalbard har nest flest personer som driver med polarforskning. Illustrasjonbilde.

Polarforsking i Noreg er for oppdelt, og ligg eit skritt etter både kommersielle interesser og landets geopolitiske ambisjonar, meiner internasjonalt ekspertpanel.

Eit internasjonalt panel har vurdert norsk polarforsking, og kjem med klare råd for kva som bør endrast, skriv På Høyden.

Vurdert ut frå vitskapleg publisering er Noreg den femte største polarnasjonen, etter USA, Storbritannia, Canada og Tyskland. Når det gjeld arktisk forsking er Noreg på tredjeplass, etter USA og Canada.

Tromsø og Bergen på topp

Både talet og kvaliteten på artiklane dei norske forskarane publiserer er god, og landet ligg slik sett ikkje etter dei andre landa som forskar mykje på polare strok.

Klima, miljø og ingeniørvitskap i polare område blir framheva som fagfelt norske forskarar er særleg gode på.

Eg synest eigentleg at det er eit litt billeg poeng at det heile tida må koordinerast
betre.

Sissel Rogne
Direktør for Havforsknings-instituttet

Dei ti forskarane som har evaluert norsk polarforsking har brukt analyser av vitskaplege artiklar gjennom ei bibliometrisk analyse, spørjeskjema og intervju for å  få eit mest muleg korrekt bilete av tilstanden i norsk polarforsking, og resultatet blei presentert i Oslo fredag.

Når det gjeld publisering kjem UiT på topp med 568 artiklar, framom UiB med 465 artiklar.

Lite open konkurranse

Men dei har og funne svake punkt når dei har innhenta informasjon frå heile 38 institusjonar som jobbar med polarforsking. Ti av desse er særleg store, med Havforskingsinstituttet og Norsk polarinstitutt som dei fremste.

Manglande prosessar som syter for koordinering og samarbeid hindrar å fokusere forskinga, og institusjonane får ikkje nådd den kritiske massen dei treng.

Gruppa rår Noreg til å mellom anna sørge for å opne for konkurranse om ein langt større del av polarforskingsmidla, og etablere mekanismar, insentiv og praksisar som utviklar og oppmodar til samarbeid og moglegheiter blant nasjonale forskarar.

Dei meiner at den norske finansieringsordninga fungerer dårleg for polarforskinga. Ein rapport frå 2014 viser at av 1,8 milliardar kroner som blei brukt på polarforsking, så var berre 340 millionar kroner ute som løyvingar i open konkurranse. Dei resterande midla blir delvis brukt av Havforskingsinstituttet og Norsk polarinstitutt. Rapporten peiker på at nettopp desse to institusjonane er sentrale og må sjåast på dersom ein skal gjere polarforskinga betre.

Få fast tilsette

Mange institusjonar har rapportert at tilslagsprosenten på under ti prosent hos Forskingsrådet er så låg at det ikkje er bryet verd å søke.

450 av dei 1.055 deltakarane i spørjeundersøkinga var mellombels tilsette, og bekymringa over kortsiktig forskingsprogram og dårlege karriéresjanser er stor.

Rapporten peiker òg på at polarforskarane sin infrastruktur som forskingsskip er dyr, og vanskeleg å få tilgang og finansiering til.

Vitskapleg kvalitet

Lars Henrik Smedsrud, professor i polaroseanografi ved Bjerknessenteret ved UiB, synes rapporten er grundig.

– Vi ønskjer oss òg ein nasjonalt koordinert infrastruktur der vitskapleg kvalitet tel når ressursane skal fordelast, seier Smedsrud til På Høyden.

Etter framlegginga var det òg diskusjon i fagmiljøet.

– Vi diskuterer om det er mogleg å opne for meir konkurranse, seier han.

Forsking for å rådgi

Direktør for Havforskningsinstituttet, Sissel Rogne, framhev konklusjonen om at Noreg er ei stormakt på polarforsking.

– Vi er berre 5,2 millionar menneske, og gjer veldig mykje bra forsking, seier ho.

Rapporten foreslår betre organisering av forskinga, men Rogne er ikkje overtydd om at organiseringa er så dårleg.

– Kanskje er det takka vere organiseringa vår at vi har den forskinga vi har. Forskingsrådet har ein tendens til å gløyme at Havforskingsinstituttet har eit heilt anna mål enn universitet og instituttsektoren. Vi observerer havet, samlar data og gir råd til samfunnet, seier ho.

Eple og pærer

Kring halvparten av budsjettet til Havforskingsinstituttet går til å samle data over fiskeressursar og andre ressursar i havet.

– Det er ikkje meiningsfylt å ha konkurranseutsetting av datainnsamlinga. Du kan ikkje ha konkurranse om å gi råd om torskekvotar. Å snakke om meir konkurranse blir litt som å samanlikne eple og pærer, meiner Rogne.

Ho trur òg at koordineringa i sektoren ikkje er så dårleg.

– Noreg er eit lite land, og fagfolka veit veldig godt kven som jobbar med kva. Eg synest eigentleg at det er eit litt billeg poeng at det heile tida må koordinerast betre, seier ho.

Sterke interesser

Den ferske direktøren ved Norsk polarinstitutt, Ole Arve Misund, er òg nøgd med at norsk polarforsking får gode skussmål. Og sjølv om rapporten går inn for meir konkurranseutsetting, så ser han ikkje det som eit trugsmål mot Polarinstituttet eller andre.

– Eg les ikkje rapporten slik at ein må trappe ned noko anna for  auke den konkurranseutsette delen. Forvaltingsinstitusjonar som Polarinstituttet har særlege forvaltingsoppgåver, og har vakse fram under skiftande regimer. Desse direkte løyvingane viser berre at departementa har veldig sterke interesser når det gjelder polarforsking. Men rapporten peikar på at vi treng meir koordinering, seier Misund til På Høyden.

Det trur han er muleg å få til, som til dømes gjennom det store forskingsprogrammet Arven etter Nansen. 

Fakta

Institusjoner rangert etter hvor mange som driver med polarforskning

  1. Havforskingsinstituttet
  2. Norsk polarinstitutt
  3. UiB
  4. NTNU
  5. UiT
  6. Sintef
  7. UiO
  8. UNIS
  9. Akvaplan Niva
  10. Nansensenteret

Kilde: «Norwegian Polar Research & Svalbard Research: Publication Analysis»

Universitet. Allerede for 10 år siden ble det vedtatt å jobbe for et nytt universitet i Oslo. Fem tidligere rektorer er fornøyd nå, når det kan bli en realitet. Men navnet OsloMet? Nei takk.