— Eg er betre på small talk

Publisert - Sist oppdatert
Professor i oral patologi og avtroppande viserektor for internasjonalisering ved UiB, Anne Cathrine Johannessen, ser fram til å gå tilbake til forskinga på fulltid. Foto: Tor Farstad Foto: Tor Farstad

Professor i oral patologi og avtroppande viserektor for internasjonalisering ved UiB, Anne Cathrine Johannessen, ser fram til å gå tilbake til forskinga på fulltid. Foto: Tor Farstad Foto: Tor Farstad

Visittkorta har hopa seg opp etter fire år på reisefot som viserektor for internasjonalisering på Universitetet i Bergen. No ventar mikroskopet på Haukeland for Anne Christine Johannessen.

På Høyden møter viserektoren, oralpatologen og rettsodontologen på eit nesten tomt kontor på Muséplass. I eine hjørnet står pappkasser stabla oppå kvarande. Dei er fulle av bøker, rapportar og ikkje minst ugler – som ho er kjent for å samla på.

— Det har blitt ein del uglehandling desse fire åra, seier Anne Christine Johannessen – med eit smil.

Ho er avtroppande viserektor for internasjonalisering på Universitetet i Bergen (UiB).

Betre på småprating

For det har vore nok av nye stader å handla på. Ho har ikkje tal på kor mange plassar ho har besøkt og menneske ho har møtt i rolla som viserektor. 

Eg har faktisk hatt ein bor og utstyr til å trekka tenner med ståande på kontoret.

Anne Cathrine Johannessen
Avtroppande viserektor, UiB

Men ho veit i alle fall at ho er blitt betre på småprating enn ho var før.

— Ein må nesten bli det når ein møter så mange nye folk, seier ho. I går, då eg pakka dei ned, såg eg på den bunken eg hadde med visittkort. Den er stor, seier ho til På Høyden.

Ho fortel at ho ikkje er så glad i å reisa, men i å koma fram. 

— Det å møta menneske, ein annan kultur, prøva å forstå og komma litt «bakom» er spennande. Du har ei fantastisk moglegheit når du reiser i embete, i motsetning til å reisa som turist, då har du ingen «grunn» til å få ein relasjon til desse menneska.

Fornøgd med Japan-samarbeid

Johannessen har stort sett reist til land utanfor Europa.

— Dei reisene eg har vore på er enten til UiB-nettverk, eller delegasjonsreiser. Eller så er det forskarar som ønsker eg skal vera med dei, for å visa at leiinga støtter prosjektet. Me har prioritert BRIKS-landa pluss Japan. Eg har også vore mykje i Afrika, og i tillegg hatt to reiser til Latin-Amerika. 

— Er det noko samarbeid som har peika seg ut i desse fire åra?

— Eg synest det initiativet me har tatt med Japan har vore veldig stimulerande. Japan er eit land med ein annan kultur. Det å bygga relasjonar i Japan kan vera krevjande. Difor kan det vera nyttig å ha med leiinga i det arbeidet. Det har medført at me har eit prosjekt over to år, kor me har hatt ein person tilsett i 40 prosent stilling ved den norske ambassaden i Tokoyo.

Japan har mykje å tilby, fortel ho.

— Mange fakultet har hatt ønske om å bygga relasjon til Japan, dei har ein fantastisk teknologikompetanse, og mykje god forsking. Men det kan vera vanskeleg å få grep om det institusjonelle i landet. Difor har me som universitetsleiing tatt dette initiativet for å støtta dei som ønsker å finna nye forskingsmiljø i landet.

Tilbake til forskinga

Etter at pakkinga på Muséplass er unnagjort venter ein velfortent ferie, før ho trer tilbake til det vante forskarlivet. Planen var alltid å gå tilbake etter fire år. Ho er mellom anna såkalla principal investigator for sitt fagfelt i CCBIO, som er eit senter for framifrå forsking.

— Viss du jobbar med internasjonalisering, blir reising ein naturleg del av jobben. Det er so pass altoppslukande, så eg vil seia at fire år er nok i ein sånn jobb. Det tar mykje av helger, og fritid elles.

Skjønt, Johannessen har ikkje lagt forskinga heilt på hylla medan ho har vore viserektor. Ho har hatt 25 prosent av stillinga si til å forska og undervisa. Ho har også vore katte- og hundetannlege på Bergen smådyrklinikk eitt par timar i månaden.

— Eg har faktisk hatt ein bor og utstyr til å trekka tenner med ståande på kontoret, fortel ho.

Ho meiner det er viktig å behalda ein viss nærleik til det ho vanlegvis driv med.

— Reint prinsipielt, synest eg det er viktig at nokon har kontakt med grunnmiljøa. Av og til har det vore nyttig å sjå korleis informasjonsflyten er mellom fakultet, institutt og leiinga sentralt.

Blir ingen ny viserektor 

— Det komande rektoratet har vald å ikkje ha ein eigen viserektor for internasjonalisering. Nedprioriterer UiB no det internasjonale arbeidet?

– Slik dei har sagt det så skal dei ikkje det. Dei skal integrera det i dei andre oppgåvene. Eg opplevde ikkje at eg hadde problem med å fylla rolla – det har ikkje mangla på oppgåver. Men no vel dei å gjera det på den måten, og det er deira val.

– Utgangspunktet mitt er at dei har sagt at dei ikkje skal svekka internasjonaliseringsfeltet. UiB er eit universitet med eit stort internasjonalt nettverk, og å vareta dette og vidareutvikla det har vore viktig for meg. Eg har gitt dei ei liste over dei områda eg har jobba med. Så reknar eg med dei vil vareta det på best mogleg måte.

Globale utfordringar

Det har kome kritikk mot at satsinga på globale samfunnsutfordringar har vore for dårleg. Dette er eit av dei tre satsingsområda til UiB. Johannessen seier ho meiner dei har funne ei god løysing.

– Det tok ei tid før me klarte å landa korleis me skulle reorganisera UiB Global og det tidlegare satsingsområde utviklingsrelatert forsking. Det var naudsynt å få ein betre struktur.

Det enda med at det nye satsingsområdet blei lagt til Det medisinske fakultet.

– Eg meiner måten me har organisert oss på no er god. No har me tre satsingsområder med lik struktur. Særleg på globale samfunnsutfordringar ser me eit engasjement som ikkje var der tidlegare, miljøet var veldig fragmentert. No har me fått noko som kan samla dette. Eg trur dei kan få det til.

— Nokon fryktar det kan bli for helsetungt?

— Faren er der for at det kan skje, men då må andre ta sin plass. Eit fakultet skulle leia det, det var open konkurranse, og Det medisinske fakultet hadde det beste forslaget. Satsingsområdet skal ha fokus på tre felt, nemleg helse, migrasjon og fattigdom. Det er ikkje lagt opp til at helse skal ha ein større plass enn dei to andre områda.

— Har fått system på ting

Johannessen seier det var gjort mykje bra på internasjonaliseringsfeltet før ho tok over, men at det alltid vil vera noko å gripa fatt i når eit nytt rektorat tek over. Mellom anna har dei i løpet av desse fire åra fått systematisert ein del ting.

— Til dømes har me kvalitetssikra alle studentutvekslingsavtalane. Fakulteta fekk i oppdrag å gå gjennom avtalane for å sjå om dei var aktive, og vurdera kva for avtalar ein ønska å behalda. Nokon blei avslutta, og nokon nye kom til. Me har også fått betre informasjon om utvekslingsavtalane på nettsidene våre.

Det kom også ein ny handlingsplan for internasjonalisering i 2016. Blant anna er målet at delen studentar som reiser på utveksling skal opp til 40 prosent. I dag ligg delen på om lag 30 prosent.

— Det må gjerast eit stykke arbeid for å koma dit. Her må også dei vitskapelege tilsette trå til, kanskje det er aller viktigast - og det at studentane snakkar med kvarandre om det å reisa ut.  

— Blir det vanskeleg å la arbeid som du har byrja på bli liggande?

— Eg har vore klar frå byrjinga av at eg skulle jobba med dette i fire år. Og det siste halvåret har eg vore veldig opptatt av at ting må overleverast etter meg. Målet mitt er at ingenting skal forsvinna med min person, men at sakene ligg igjen etter meg.

Nytt prosjekt i Moldova

Det blir ikkje bråstopp på reisinga for Johannessen når ho forlét Muséplass. I september reiser ho til Moldova saman med nokre kollegaar for starta opp eit undervisningssamarbeid der nede. Kviterussland og Armenia er også involvert.

— Dette er land som har kome kortare enn oss når det gjeld nye undervisningsmetodar, og me skal mellom anna utvikla online kurs i oral patologi saman med dei. Det blir ei forlenging av internasjonaliseringsarbeidet.

For Johannessen blir det nok likevel meir mikroskop og mindre small-talk framover. Men det er heilt greitt, ifølge ho sjølv.

— Det kunne lett vore slik at når ein har fått smaken på noko anna, så blir avstanden til forskinga og mikroskopet for stor. Det er på mange måtar eit einsamt tilvære, og ein stor kontrast til det å vera viserektor. Men det skal bli godt, seier ho og legg til:

— Det vil alltid vera vemodig å forlata noko, men eg sit igjen med berre gode følelsar. Eg er trygg på at det er gode personar som kan overta. Eg har fått nye vennskap, lært mykje, og sit berre igjen med positive minne.

Fakta

Rektorvalg UiB

Dag Rune Olsen har vore rektor ved Universitetet i Bergen i perioden 2013-2017, er professor i biomedisinsk fysikk og tidlegare dekan ved Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet.

1. august skal han ta fatt på sin andre periode saman med ny prorektor Margareth Hagen, og viserektorar Robert Bjerknes og Oddrun Samdal.

Det nye rektoratet blei valde utan motkandidatar.

Valg. Sindre Kristian Alvsvåg tar over som leder for Studenttinget i Trondheim fra nyåret. Han vil skape steder der studenter kan bygge klassetilhørighet.