Rektor Dag Rune Olsen overraska Frank Aarebrot med blomar og lovord under det som Aarebrot sjølv håper ikkje er den siste forelesinga hans ved universitetet.

Mange på Aarebrot si avslutningsforelesning

Frank Aarebrot har formelt hatt si siste ordinære forelesing ved Universitetet i Bergen. Var det opp til han, hadde han fått halda fram med å undervisa som før.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg har ingen planar om å mata duer i parken, seier Aarebrot om planane for pensjonist-kvardagen til På Høyden.

Han er midt i røykepause nummer éin på dagens doble forelesing i Stat- og nasjonsbygging. Tittelen professor emeritus har han allereie fått. Men i dag er det siste ordinære forelesing for den folkekjære statsvitaren Aarebrot. 

Det betyr at Egget ikkje berre er fylt med kunnskapstørste studentar, men at journalistar frå dei fleste av byens mediehus har tatt turen for å få med seg avslutningsforelesinga hans. 

Kan forelese gratis

Aarebrot er sjølv ikkje klar for å legga bak seg undervisingsrolla endå. 

Det er førelesningane eg likar best av alt eg gjer. Det andre er ikkje så farleg, forsking kan eg gjera på heimekontoret, men å undervisa er eg avhengig av universitetet for å gjera.

Frank Aarebrot

— Eg håpar dette ikkje blir siste forelesning. Men det blir siste kor Universitetet i Bergen slepp å betala for det. Eg vil gjerne fortsette med dette – og eg kan for så vidt godt gjera det gratis også. Eg får jo pensjonen min. Det burde gå an å finna ei løysing, seier Aarebrot. 

Professoren er ikkje overbegeistra for all merksemda.  

— Studentane har eksamen i morgon – så dette er ei viktig forelesing for dei, seier Frank på veg opp igjen i Egget.

Men meir merksemd skal det bli. Midt i andre del av forelesinga kjem rektoratet og fleire frå leiinga ved Sampol for å heidra professoren -  til ståande applaus frå studentane. 

Rektor Olsen: Vemodig

— Det er naturligvis litt vemodig at han sluttar. Men det er óg eit tidpunkt for å visa takksemd, og ikkje berre for den forelesaren og opplysaren som Frank er, men for samfunnsbidraget hans. Det er ingen tvil om at Frank sitt bidrag til samfunnsdebatten har vore heilt fantastisk. Han er eit meget godt eksempel på det me kallar for «impact» innan vitskapen, seier Dag Rune Olsen.

Teiria Svebakk og Live Idland har hatt Frank Aarebrot som forelesar sidan jul i emnet sampol110. 

— Han er jo så og seia kjendis, så det er morosamt å fortella at me har han som forelesar. Då blir folk veldig interesserte. 

Dei fortel at ei forelesing med han, sjeldan blir keisam.

— Han gjer faget spanande uansett, nasjonsbygging for over 200 år sidan kan vera ganske tørt, men han klarer å fanga interessa vår og får inn litt humor inn i det også, seier Svebakk.

Det er tydeleg at ingen andre forelesarar når heilt opp.

— Det er rett og slett kjekkare med Frank, seier Idland, og legg til:

— Eg trur ingen kan bli som Frank. Han har så mykje erfaring, og så mykje entusiasme og interesse for faget. Det er heilt unikt.

(F.v. Teiria Svebakk og Live Idland)

Ikkje klar for å bli pensjonist

Aarebrot har altså ingen planar om å kutta ned på arbeidsmengda - og timeplanen fram mot Stortingsvalet i haust er smikkfull. 

— Eg har meir enn nok å gjera – eg foreles på Universitetet i Stavanger blant anna, og det kjem eg til å halda fram med.

For når me spør kva han synest om eldrepolitikken i akademia, med ein pensjonsalder på 70 år, er han klinkande klar.

– Mi oppfatning er at det er heilt idiotisk at dei har den regelen, me ville jo spara samfunnet for pensjonsmidlar utan den, vil eg nær sagt seia. Men me kunne jo gjerne hatt pensjonen, og så kunne universiteta brukt oss meir aktivt som emeriti utan at det skulle kosta univeristetet noko særleg. 

Ulike pensjonsordningar

Han viser til store variasjonar i resten av Europa. 

– Viss ein skal samanlikna, så er det er jo veldig tilfeldig kva ordningar dei ulike landa har. Sverige og Norge har 70-års grense, Danmark har det ikkje, sjølv om dei har same type allmenne pensjonsalder som Noreg har. Tyskland har 70-års grense, medan Frankrike ikkje.

– Eg veit om mange tyskarar opp i 80-års alderen som foreles i Frankrike. Det er synd for Tyskland, men bra for Frankrike. 

Frank Aarebrot vil gjerne halde fleire forelesingar framover. Og då høyrer røykepause med. 

Forelesingane og studentane det viktigaste

Han er tydeleg på at det er studentane og undervisninga han brenn for.

— Det er forelesningane eg likar best av alt eg gjer. Det andre er ikkje så farleg, forsking kan eg gjera på heimekontoret, men å undervisa er eg avhengig av universitetet for å gjera.

Og det vil han halda fram med uansett. 

– Det betyr berre at eg må gå til eit anna universitet. For andre universitet betalar jo, for gjesteforelesar kan ein vera uansett. Det er litt dumt at ein ikkje kan undervisa på sin eigen institusjon.

– Du får strålande tilbakemeldingar frå studentane me har snakka med. Korleis er det? 

– Det er veldig kjekt med slike tilbakemeldingar. Eg trur folk legg merke til at ein liker det ein gjer. Det er kommunikasjon på eit djupt nivå som kjem fram utanom det du seier. Eg trur min glede over å forelesa i ein viss forstand blir vidarekommunisert. 

Kan ikkje garantera for undervising

Visestyrar på Institutt for samanliknande politikk, Jan Oskar Engene, seier Aarebrot nok blir å sjå igjen som forelesar på Sampol.

– Dette er inga avskjedsforelesing, men byrjinga på avskjedsturneen. Me kjem nok til å invitera han til å halda fleire forelesingar igjen.

– Men kan han få halda fram å undervisa regelmessig på emner som sampol110 som han sjølv ønsker?

– Kabalen er ikkje lagt endå, me må sjå det litt an. Det skal vera eit dekanval og litt slikt først. Frank har i alle fall gløden og lysten, seier Jan Oskar Engene, visestyrar på Insitutt for samanliknande politikk. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS