Universiteta vil i løpet av våren vurdere i kor stor grad dei skal delta på utdanningsmesser. UiB og NHH deltok ikkje på messa i Bergen i januar, og arrangøren har har bedd Konkurransetilsynet sjå på saka. Biletet er frå ei tidlegare utdanningsmesse. Foto: Birte Svendsen

Universiteta vurderer deltaking på messer

Mens messearrangøren trugar med søksmål, vil universiteta sjølv vurdere korleis dei skal bruke pengane sine.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Utdanningsmessene Ta utdanning blir arrangert i 12 byar i landet. Bak står selskapet Trondheim Messeselskap AS, som er den einaste aktøren som tilbyr slike messer, skriv På Høyden.

Selskapet omsette for 30,5 millionar kroner i 2015, og leverte eit resultat før skatt på 10,4 millionar kroner før skatt i 2015. Bak selskapet står Bernt Roarsen og Eivind Alstad.

«Vi er nå i en prosess hvor vi diskuterer i hvilket omfang universitetene vil delta på utdanningsmessene i framtiden. Bakgrunnen for dette er at det stilles spørsmål ved hvilket utbytte universitetene har av deltakelsen», skreiv Universitetet i Bergen (UiB) saman med dei sju andre norske universiteta i ein felles epost til selskapet bak messa Ta utdanning i november.

NHH og UiB sa nei

NHH og UiB valde å ikkje delta på messa i Grieghallen i førre veke, og har tidlegare sendt eit brev til ungdoms- og vidaregåande skular i fylket om at dei ikkje kom til å delta på messa i år.

Dersom dei største aktørane gjer noko som er eksklusivt, så vil det stenge ute andre.

Eivind Alstad

Vi vel å ikkje delta på ei messe dei arrangerer, og heller bruke ressursane våre i andre kanalar.

Oddrun Samdal

Det fekk messearrangøren til å melde UiB og NHH til Konkurransetilsynet, der dei ber om at tilsynet undersøkjer om konkurranseloven er broten: § 10 gjer det ulovleg å avgrense konkurransen gjennom avtaler mellom føretak, og § 11 forbyr å misbruke si dominerande stilling.

Les også: UiB og NHH meldt til Konkurransetilsynet

— Ugrunna

Både NHH og UiB har avvist skuldingane frå Alstad på det klåraste: «Det ligg i dagen at ei omdisponering av midlar, som ein følgje av kva som er dei mest effektive kanalane for å nå vår kundegruppe, ikkje inneber noko brot på konkurranselovgjevinga» skriv NHH i sitt svar, og legg til at dei ser på saka som avslutta.

Eivind Alstad er kritisk til at universiteta arrangerer sine eigne opplegg, med besøk på vidaregåande skular, og meiner at dette konkurrerer med utdanningsmessene hans. Og ettersom universiteta er så store aktørar, meiner han at dei misbruker marknadsmakta si, og at resultatet kan bli at elevar ikkje får kjennskap til mindre skular i inn- og utland.

Les også:

Turnerer på skulane

Gjennom paraplyorganisasjonen Utdanning i Bergen informerer UiB og NHH om sine studietilbud ved skulebesøk, men også andre institusjonar som Høgskulen på Vestlandet er med. Det blir og informert generelt om høgare utdanning, utrekning av poeng, folkehøgskular, fagskular og utdanning i Forsvaret. Dette skjer i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

— Dersom dei største aktørane gjer noko som er eksklusivt, så vil det stenge ute andre. Store firma får ikkje lov til å samarbeide på den måten. UiB prøver bevisst å få lagt ned messene, seier Alstad til På Høyden.

Han er særleg kritisk til at Utdanning i Bergen i oktober sendte ut eit brev der dei forklarte at dei ikkje kom til å delta på utdanningsmessa i januar, og at Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune støttar avgjerda.

— Rådgivarane ringjer oss og seier at dei har fått beskjed om å ikkje å sende elevane på messa, seier Alstad.

Vel andre kanalar

For viserektor Oddrun Samdal ved UiB ser saka annleis ut:

— Vi vel å ikkje delta på ei messe dei arrangerer, og heller bruke ressursane våre i andre kanalar.

Ho viser til at blant dei som faktisk ender opp med å studere på UiB er det berre halvparten som har deltatt på ei utdanningsmesse, og over 70 prosent seier at utdanningsmesser ikkje har vore viktig for utdanningsvalet deira.

Alstad er ueinig i denne vurderinga, men tala han sjølv viser til er innhenta på utdanningsmessa, og utvalet er dermed avgrensa til dei som deltek på arrangementet. Av dei seier 9 av 10 at besøk på messe kan påvirke utdanningsvalet deira.

Vil heller bruke pengane på nett

I fjor brukte UiB i samarbeid med Utdanning i Bergen over 500.000 kroner på utdanningsmessa i Bergen. 194.000 kroner av desse var kostnad til messearrangøren. I tillegg kjem deltaking på messer andre stadar. Totalt betalte universitetet kring éin million kroner til arrangøren for dei ulike messene. 

Samdal vil heller bruke pengane på andre tiltak, enn å delta på alle messene Alstad arrangerer.

— Vi vil gjere meir av det dei nye studentane seier at dei faktisk har brukt. Vi vil mellom anna utvikle eigne nettressursar. Skulebesøka våre er viktige, men ikkje så viktige som kanalar som Facebook, seier Samdal.

— Ikkje noko konkurranseelement

Når det gjeld skuldingane om brot på konkurranselova, er Samdal klar:

— Eg tenkjer at det vi gjer er å la vere å kjøpe ei teneste dei tilbyr. Og det vi skal gjere framover, er berre meir av det vi allereie har gjort. Vi er forplikta til å bruke ressursane våre slik vi meiner dei er mest effektive. Så eg kan ikkje sjå nokre konkurranseelement i det. Det kan vere at desse utdanningsmessene er viktige for nokre få, men samla sett har dei ikkje vore viktige for studentane som kjem til oss.

I løpet av våren vil kvar av institusjonane evaluere rekrutteringstiltaka sine, og møtast for å diskutere kva dei skal gjere vidare.

UiO er med på alt

Men det er usikkert kva dei andre universiteta vil gjere. UiO deltek på alle dei 12 messene som blir arrangert rundt i landet.

— I år er UiO til stades på alle utdanningsmesser i regi av Ta utdanning. Vi registrerer at vi får mange spørsmål og kjem i god kontakt med potensielle studentar på desse messene. Vår deltaking har likevel svingt frå år til år – som UiB òg hevdar – blir ikkje utdanningsmesser oppgitt som blant dei viktigaste informasjonskanalane for våre potensielle studentar. Nett er den viktigaste informasjonskanalen, og UiO legg og ned store ressursar i god og oppdatert informasjon om våre studieprogram, skriv prorektor Ragnhild Hennum i ein epost til På Høyden.

NTNU har så langt ingen planar om å slutte å delta på utdanningsmessene:

NTNU evaluerer alle rekrutteringstiltak årleg, dette inkluderer òg utdanningsmesser. Vi ser på dei som ein viktig arena for å møte målgruppa vår, skriv rådgjevar Mette Larsson, som har ansvar for studentrekruttering ved NTNU.

UiB-kritikk på nett

Messearrangør Alstad opnar òg for søksmål mot UiB, dersom UiBs handlemåte går ut over inntektskjeldene hans.

I tillegg til ei rekke medieutspel, mellom anna dette innlegget i På Høyden, har Ta utdanning på sine eigne nettsider lagt ut tre saker der dei er kritiske til UiB ikkje deltek.

«Det kan neppe være hensikten at offentlige midler bevilget til utdanning skal brukes til å finansiere Universitetet i Bergen sitt forsøk på å fjerne et velfungerende informasjonstilbud som elevene ønsker, og i stedet skape en monopolsituasjon for noen få aktører» heiter det hos Ta utdanning. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS