200 medisinstudentar i Bergen har meldt seg til innsats

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Gard Skulstad Johanson er legestudent og har meldt seg til innsats.

Torsdag kveld sendte Universitetet i Bergen (UiB) ut ei melding til 700 medisinstudentar med spørsmål om å bidra som helsepersonell under virus-utbrotet. Lørdag morgon hadde omlag 200 studentar meldt seg. Det skriv Steinar Hunskår, prodekan for utdanning ved Det medisinske fakultetet ved UiB, i ein sms til Khrono. Det var BA som først skreiv om saka. Til dei seier Hunskår at UiB har vorte kontakta av Helse Vest og lokale helseføretak, og vorte bedne om at medisinstudentar som er ferdige med to år av studiet kan melda seg frivillig til helsetenesta.

— Dei som er ferdige med fire og eit halvt år har studentlisens og kan i praksis jobba som legar. Dei andre vil kunne jobba som anna personell, ut frå kompetanse- og erfaringsnivå, forklarar Hunskår til BA.

Ein av dei som har meldt seg er Gard Skulstad Johanson. Han er studentrepresentant i universitetsstyret ved UiB og leiar òg Medisinsk studentutval. Sjølv er han fjerdeårsstudent, og har meldt seg til mellom anna smittekontakttelefonen.

— Det er positivt at medisinstudenter er medvitne om ansvaret og melder seg, seier Johanson til BA.

Khrono har tidlegare skrive at studentar ved fleire helsefag kan verta bedne om å melda seg.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS