adventsprat

Vondt å vera vitne til ned­bygging av forskings­miljø, synest Guro Nore Fløgstad

Som nyvald leiar i Akademiet for unge forskere meiner Guro Nore Fløgstad at ho fått den kulaste leiarjobben i norsk akademia. Men ho likar ikkje utviklinga ho ser skje i sektoren.  

Guro Nore Fløgstad har standsmessige forhold på Det norske vitenskapsakademi, der Akademiet for yngre forskere held til.
Guro Nore Fløgstad har standsmessige forhold på Det norske vitenskapsakademi, der Akademiet for yngre forskere held til.
Publisert

FAKTA

Guro Nore Fløgstad

Nisse i sdventsstake
  • Er leiar for Akademiet for yngre forskere (AYF)
  • Er professor i lingvistikk ved Universitetet i Søraust-Noreg, professor II ved Universitetet i Oslo
  • Jobbar med språkendring og språkleg variasjon
  • Skal no ferdigstilla eit prosjekt om språkbruk blant romfolk i Latin-Amerika
  • Bur i Oslo med mann og tre døtre mellom 2 og 14 år

Khrono har intervjua eit knippe interessante personar i akademia på e-post om året som snart er over og om året som kjem. 

Intervjua kan du lesa fram mot jul.

Guro Nore Fløgstad er leiar for Akademiet for yngre forskere (AYF), og professor i lingvistikk ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), professor II ved Universitetet i Oslo. Ho arbeider med språkendring og språkleg variasjon.

— Kva er det beste og det verste som har skjedd deg i jobbsamanheng i 2024? 

— Best: Å bli leiar i Akademiet for yngre forskarar (AYF), så klart! Finst det ein kulare leiarjobb i norsk akademia? Verst: Å vera vitne til nedbygging av forskingsmiljø, og å missa kollegaer til andre land og yrke.

— Kva er det beste og verste som kan skje i 2025?

— Her må vi halda oss til akademia. Det beste: At politikarane forstår kor viktig langsiktig forskingsfinansiering er og prioriterer akademia etter ein valkamp der forskingspolitikk har stått i fokus. Det verste: At fleire fag og forskarar vert tvinga ut av akademia, at grunnforskinga vert enno meir marginalisert, og at gratisprinsippet vert meir og meir uthola.

— Korleis pregar den økonomiske situasjonen i sektoren arbeidskvardagen din? 

— Kollegiet ved USN opplever kutta sterkt. Me må oppretthalda forskingsaktivitet med mindre forskingstid og minimal finansiering av internasjonal aktivitet. Studietilbodet vert forringa, og folk er uroa for nedbemanning.

— Kven i akademia fortener ei julestjerne, og kvifor? 

— Medlingvist og korpusekspert Eli Anne Eiesland (OsloMet) som saumfer dei mest obskure hjørna av internett på jakt etter nye lingvistiske fenomen, til glede for samarbeidspartnarane sine.

— Om du kunne valt heilt fritt, kven vil du ha som den neste statsråden for forsking og høgare utdanning? 

— Ein ung forskar, sjølvsagt. Idolet mitt frå studietida, den amerikanske psykolingvisten Lera Boroditsky (UC San Diego), har ein fot i både humaniora og naturvitskapen. Ho forskar på sambandet mellom språk og tanke, og ville sett seg lynraskt inn i norsk språk og politikk. Ho er i tillegg ein fantastisk formidlar, og ville sikkert sett akademia på dagsorden med det same.

Fire raske:

— Fullfør setninga: Om eg var rektor for ein dag ville eg
… har teke eit skritt tilbake og reflektert over den maktposisjonen eg faktisk har, noko toppleiarar ofte vert blinde for. Så ville eg ha tenkt langsiktig og redda eit fag som står fram som eit tapsprosjekt, men som samfunnet på lang sikt ikkje har råd til å mista.

Kva står på julemenyen?
— Eg er gift med ein argentinar, og bror min har fransk familie. Når me samlast hjå foreldra mine i jula vert det ein eklektisk fest: graut, latkes, østers, foie gras, pinnekjøt og molter. Som lingvist er eg likevel mest spent på kva som endar opp som kveldens lingua franca.

— Kva gler du deg minst til med jula?
— Eg går sjeldan i butikkar og kjøper nesten aldri nye klede. I jula er det difor krevjande å vera vitne til den materielle galskapen som finn stad. 

— Kva MÅ vere på plass for at det skal bli ekte jul?
— Ein serie med familietreff, som eg går inn i med stor glede og uironisk entusiasme. Om borna i tillegg har det rimeleg bra, er det ikkje meir å be om.

Powered by Labrador CMS