Kortnytt
Vil knyta Stord til havet
Korleis kan Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin campus på Stord verta vidareutvikla? Ein verkstad med seksti personar frå nærområdet har kome med forslag til korleis ein kan gjera Stord meir attraktiv for studentar og tilsette.

Vinnarkonseptet handlar om havet. Forslaget er mellom anna å dyrka Stord sin unike plass ved havet som læringsarena i dei eksisterande studietilboda, og å integrera studentaktive læringsformer knytt til hav og kyst, som dykking og båtliv, i utdanningane og studielivet. Dette kjem fram i ei pressemelding frå høgskulen sjølv, som Sunnhordland først omtala.
— Me har eit mål om å gjera campus Stord meir attraktiv for studentar og tilsette, og tydeleggjera campusen sin profil, seier HVL-rektor Berit Rokne i pressemeldinga.
Khrono har tidlegare skrive at tilsette på Stord er uroa, mellom anna fordi fag har vorte lagt ned, og viser til prosessen ved Nord universitet, der campus Nesna er vedteken lagt ned. Men Stord, der det har vore lærarutdanning sidan 1838, er viktig for HVL, seier høgskuleleiinga.
Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik seier i pressemeldinga at vinnarkonseptet og dei andre resultata frå verkstaden skal verta presentert for HVL-styret til hausten.
(Hilde Kristin Strand / Khrono)
Nyeste artikler
Utsettelse ga ingen endring. Flertallet støtter skolepenger
Rekruttering til praktiske og estetiske fag
Ansatte i disse fire bransjene får tilbud om videreutdanning
Klimagassutslippene økte kraftig fra 2021 til 2022
Har gyldig bachelor, men OsloMet vil ikke godta den
Mest lest
Akademia skal ikke være for alle – en provokasjon
Spratt opp fra C til A da hun klaget på karakteren
Innførte masterkrav. Halvparten av søkerne forsvant
Dette er prislappen for Curt Rice sin avgang
Hva er politikk i lønnsdannelsen i staten?