— Vi ser fram til å få laga dette prosjektet, som altså er ein draum som har gått i oppfylling for oss, seier Thomas Pedersen, assosiert partnar i AART architects. Firmaet vann plan- og designkonkurransen for nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy.

Dansker vann konkurransen om nytt museum for vikingtida

Med bidraget «Naust» vann det danske arkitektfirmaet AART plan- og designkonkurransen for nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det er dette alle arkitektar drøymer om. Difor er det heilt utruleg at vi vann denne plan- og designkonkurransen, sa assosiert partnar Thomas Pedersen (bilete under) i arkitektfirmaet AART architects, ifølge Uniforum.

Bidraget deira Naust blei i formiddag kunngjort som vinnar av konkurransen, der 110 bidrag frå heile verda var komne inn. 

— Visste ingenting

— Vi visste ingenting om at vi hadde vunne før vi kom hit. Det einaste vi fekk vita var at vi var mellom dei tre på pallplass, fortalde Thomas Pedersen til Uniforum. 

Det er dette alle arkitektar drøymer om.

Thomas Pedersen 

På andreplass kom Jaja Architects i samarbeid med Coast studiobidraget  med bidraget «Vikingetiden på ny», medan Arkitekturfabrikken kom på tredjeplass med bidraget «Favn». 

Men det var altså AARTArchitects som stakk av med førsteplassen til stor glede både blant representantane for firmaet og alle dei andre som var på den uvanleg godt besøkte pressekonferansen i Vikingskipshuset på Bygdøy.

— For oss er det viktig å ta vare på det beste i Vikingskipshuset som blei teikna av Arnstein Arneberg. Det får med seg masse symbolikk frå vikingtida. Derfor ser me fram til å få laga dette prosjektet som altså er ein draum som har gått i oppfylling for oss, sa Thomas Pedersen. 

— Og kvifor har dei kalla bidraget for «Naust»? Det spørsmålet får han assistanse frå arkitektkollega Mads Nygaard til å svara på:

— Det er på grunn av langborda som blei brukte til å byggja vikingskipa av, sa Mads Nygaard.  

— Står ferdig i 2022

Direktør Håkon Glørstad i Kulturhistorisk museum håpa  at det nye vikingstidsmuseet kan bli stå ferdig i 2022.

— Eg har god tru på at det vil skje. Grunnen er at planarbeidet og førebuingane har vore så bra. Difor er eg svært optimistisk, sa han til Uniforum.

— Vinnarbidraget vil gi oss eit heilt fantastisk flott, nytt museumsbygg, syntest han.

Med bidraget «Naust» vann AART architects plan- og designkonkurransen for nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. (Modell frå AART architects/Statsbygg)

Oppsving for interessa for vikingtida

UiO-rektor Ole Petter Ottersen var sikker på at det nye vikingstidsmuseet på Bygdøy vil gi eit nytt oppsving for interessa for vikingtida. 

— Og då reknar eg med at det også vil gi eit skikkeleg løft for forskinga på vikingtida som går føre seg på Kulturhistorisk museum og på Universitetet i Oslo. Eg er stolt over den forskinga dei har gjort på vikingtida, sa Ole Petter Ottersen. 

— Verdas viktigaste samlingar frå vikingtida

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen hadde rolla med å kunngjera dei tre vinnarane av plan- og designkonkurransen. 

— Kulturhistorisk museum og Vikingskiphuset har verdas aller viktigaste samlingar frå vikingtida. Difor er det viktig at det blir gode vilkår både for forsking på og formidling av vikingtida, understreka han.

Så opna han konvoluttane og avslørte dei tre arkitetkfirmaene som hadde kapra dei tre øvste plassane mellom dei 110 bidraga som var sendt inn frå fjern og nær:

  1. Naust, AArt architects
  2. Vikingetiden på ny, JAJA ARCHITECTS i samarbeid med Coast studio
  3. Favn, Arkitekturfabrikken

Førsteprisvinnaren fåt utdelt 650 000 kroner, andreprisen gir 500 000 kroner, medan tredjeplassen gir ein pengesum på 400 000 kroner.

Juryen var leidd av Bjørne Grimsrud, som er strategi- og utviklingsdirektør i Statsbygg. For UiO sat både museumsdirektør Håkon Glørstad og seniorarkitekt Trine Faye Lund i Eigedomsavdelinga i juryen.

Sjå mer: Alle dei tre bidraga på nettsidene til Statsbygg

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS