habilitet

— Vi ser på dette som ein uheldig glipp, som no har fått konsekvensar

Styreleiar ved Noregs handelshøgskole (NHH), Karen Helen Ulltveit-Moe, seier at ho framleis har tillit til Øystein Thøgersen som rektor.

Leiar for NHH-styret, Karen Helene Ulltveit-Moe, ser ingen grunn til at rektor Øystein Thøgersens habilitetsbrot bør få ytterlegare konsekvensar.

Torsdag avslørte Khrono at rektor ved Noregs handelshøgskole (NHH), Øystein Thøgersen, var inhabil då han hausten 2022 utnemnde kjærasten og noverande kone Linda Nøstbakken til styreverv i Samfunns- og næringslivsforsking AS (SNF).

Nøstbakken trekte seg onsdag kveld frå styret, og Thøgersen uttalte til Khrono at det som hadde skjedd var alvorleg.

— Eg har gjort ein dum feil, sa Thøgersen.

— Stor tillit

Khrono har fredag vore i kontakt med fleire personar i leiinga ved NHH om saka. Vi har også vore i kontakt med styreleiar ved NHH, Karen Helene Ulltveit-Moe og leiar i Noregs handelshøgskole si studentforeining (NHHS), Dinogen Uruthiran.

Ulltveit Moe seier til Khrono at ho framleis har full tillit til Øystein Thøgersen som rektor.

— Det reknar eg med at også resten av styret har. Øystein er ein svært dyktig og ansvarleg rektor som gjer ein kjempejobb for NHH, seier Ulltveit-Moe.

Ho legg til at ho trur at NHH-rektoren har «gått på autopilot» idet han utnemnde Linda Nøstbakken til ein ny periode som styremedlem i SNF.

— Vi ser på dette som ein uheldig glipp, som no har fått konsekvensar, seier styreleiaren, som viser til at Nøstbakken trekte seg frå SNF-styret onsdag kveld.

— Eg vil understreke at eg har stor tillit til Øystein, sluttar Ulltveit-Moe.

«Ubetinget» tillit

Prorektor for forsking, Malin Arve, var den som steppa inn i rektoratet for Linda Nøstbakken då ho trekte seg i 2020, for å bli forskingsdirektør i SSB. Frå 2021 vart Arve fast prorektor i Thøgersens rektorat.

Thøgersens inhabilitet rokkar heller ikkje ved hennar tillit til kollegaen.

For prorektorane Malin Arve og Stig Tenold er tilliten like stor som før til rektor Øystiein Thøgersen

— Han har gjort noko dumt. Det skulle han ikkje ha gjort. Men det endrar ikkje mi heilskapsvurdering, er Arves kommentar.

Prorektor for utdanning, Stig Tenold, sluttar seg til dei unisone tillitserklæringane. «Ubetinget», er svaret hans, som er sendt på sms.

— Sjølvsagt uheldig

Studentleiar Dinogen Uruthiran svarer eit kontant «ja» på spørsmål om han og studentforeininga har tillit til Thøgersen.

— Det som har skjedd er sjølvsagt uheldig, men vi har full tillit, ja, kjem det frå Uruthiran, som leiar studentforeininga NHHS.

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved NHH, Geir Mikalsen, er ikkje veldig ulik dei to føregåande i sitt svar:

— Eg har full tillit til Øystein. Det er eigentleg ikkje så mykje meir å seie.

Direktør for organisasjon og verksemdsstyring, Bjørg Marit Eknes, skriv i ein sms til Khrono at ho har full tillit til rektor Øystein Thøgersen.

Powered by Labrador CMS