Behandling av rektor-tilsetting drar ut i tid

Kven som blir rektor på Høgskulen på Vestlandet (HVL) blir bestemt på interimstyremøtet i dag. Saka går for lukka dører og pågår framleis, etter tre timars handsaming.

Publisert   Sist oppdatert

Torsdag er det klart for styremøtet i HVL, kor det rådgjevande tilsettingsutvalet kjem med si instilling til kven som skal få jobben som rektor, skriv På Høyden.

Les meir: Desse er med i rektorfinalen på Vestlandet

Møtet haldast på Stord campus, og starta klokka 10. Behandlinga av rektorsaka starta 10.20 og går for lukka dører, og held på framleis.

Sjå styremøtet her

Finalistane

Det var elleve søkarar til rektor-stillinga, og fire av desse gjekk etter det På Høyden kjenner til vidare til «finalerunden». Dei fire er:

  • Ole-Gunnar Søgnen (61), sitjande rektor på Høgskolen i Bergen.
  • Berit Rokne (61), professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. 
  • Liv Reidun Grimstvedt (55), rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund. 
  • Geir Anton Johansen (56), dekan ved avdeling for ingeniørutdanning og økonomifag ved Høgskolen i Bergen.

Dagsorden

Her er alle sakene som skal behandlast torsdag: 

  • Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Orienteringssaker Tilsetting av rektor (u.off.)
  • Etablering av klagenemnd
  • Etablering av skikkavurderingsnemnd
  • Etablering av sentralt arbeidsmiljøutval
  • Mellombels organisering 2017
  • Mellombels leiing av grunnskulelærarutdanninga (GLU)
  • Innplassering av leiarar 
  • Statusoppdatering: fusjonsprogrammet
  • Status for infrastruktur og areal, Høgskulen på Vestlandet
  • Revidert møteplan, våren 2017 

Dette er interimstyret:  

  • Styreleiar: Arvid Hallén.
  • Styremedlemmar: Ingrid Moe Albrigtsen, Aina Berg, Gunnar Birkeland, Sissel Johansson Brenna, Cecilie Fredheim, Kari Kjenndalen, Sondre Riisøen, Tom Skauge, Marit Ubbe, Trond Ueland, Gunnar Yttri og Christine Øye.
  • Observatørar med tale- og forslagsrett: Åse Neraas og Karin Stormo.