korona

Vert trua med gebyr om mange brukar kjøkenet samstundes

Studentar i Tromsø reagerer på nye retningslinjer frå studentsamskipnaden. Ikkje lov, seier jussprofessor.

15 studentar har kvar sin hybel i den lange gangen, og deler kjøken og fellesareal. Men samskipnaden i Tromsø meiner ikkje alle kan vera her samstundes.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bendik Hugstmyr Woie deler kjøken med 15 andre i ein studentbustad i Tromsø. No får ikkje alle dei som bur der vera der samstundes.

Norges arktiske studentsamskipnad har sendt ut retningslinjer der det heiter at det er forbode å ha samlingar i fellesområda, og at dei som bryt desse retningslinjene både kan få bot og mista retten til å bu i studentbustad. Sidan studiestart i august har det vore vektarar på plass kvar dag, skriv Nordlys.

— Problemet er ikkje først og fremst at det kjem ei vakt, sjølv om eg meiner me burde få informasjon om det. Problemet er at dei seier at me som bur der ikkje får vera saman, seier Woie til Khrono.

Til Nordlys seier han at studentane har fått beskjed om at ikkje meir enn fem studentar får vera der samstundes.

Trua med bøter

«Det er inntil videre ikke lov å arrangere fester eller andre sammenkomster i fellesområder/kjøkken. Brudd på regelverket kan resultere i bøter, samt eventuelt tap av borett».

Det heitte det i ein epost studentsamskipnaden sendte til studentane før helga. Men det finst ikkje heimel for samskipnaden sine nye reglar, seier jussprofessor Øyvind Ravna ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet.

— Eg kan seia sikkert at dei tinga her har ikkje studentsamskipnaden løyve til. Dei må i så fall koma med ein særleg heimel, og den er ikkje i husleigekontrakta, seier Ravna til Nordlys, og peikar på at det berre er politiet som har løyve til å gi bøter.

— Å koma på umelde besøk har ein ikkje heimel til, då skal det vera mistanke om kriminell verksemd, og ein skal ha kjennelse på husransaking, seier jussprofessoren.

— Så lenge helsestyresmaktene ikkje har sagt at ein ikkje bør ha gjester, er det ikkje greitt at samskipnaden seier det heller, seier student Woie.

Det må vera mogleg å ha med ein venn for å eta middag saman.

Bendik Hugstmyr Woie

Han seier at studentane som deler fellesareal er opptekne av at dei ikkje skal ha fest, og medvitne om at dei bur trangt.

— Me skal ikkje samla mykje folk, men det må vera mogleg å ha med ein venn for å eta middag saman. Dette er plassen folk bur, seier Woie til Khrono.

Kastar ingen ut i Bergen

Norges arktiske studentsamskipnad viser i eposten til at det er ein auke i talet på smitta i Troms og Finnmark.

Men det er langt frå så mange smitta i studentmiljøet der som det er i Bergen: Der har det vore utbrot ved både Høgskulen på Vestlandet og no sist ved NHH. I tillegg har Universitetet i Bergen og BI hatt fleire smittetilfelle.

Men reglane i Bergen er ikkje så strenge som i Tromsø.

Kommunikasjonsdirektør Marita Monsen i studentsamskipnaden Sammen, som er for Vestland fylke, seier at det ikkje er lov med fest i fellesrom, og at dei ikkje ønskjer at andre enn dei som deler kjøken skal vera saman der.

— Me har hatt ekstra vakthald i helgane, der vektarar går rundar. Men det er ingen store hendingar å melda om, seier Monsen.

— Kva skjer dersom det er mange som er samla?

— Då ber me dei om ikkje vera så mange. Me har ingen politifunksjon der me kastar ut folk. Dette er studentane sin heim, det vil me ta omsyn til.

Ikkje nye reglar i Stavanger

Heller ikkje i Stavanger er det innført nye reglar. Bustaddirektør Øyvind Lorentzen i Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) seier at tilsette frå driftsavdelinga var ute på kveldstid i den første veka. Samstundes var ein del av faddervaktordninga å køyra rundt og sjekka korleis det stod til rundt studentbustadane og på naturlege samlingsplassar utandørs, som på badeplassar.

— Me vil helst ikkje at studentane har med seg utanforståande inn i studentbustadane, men det har ikkje vore eit stort problem. Me oppmodar om å halda einmetersregelen, men ikkje alle studentbustadane er tilpassa for det, seier Lorentzen.

Heller ikkje i Ås, som har god dekning av studentbustader, er det innført eigne reglar denne hausten. Administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Ås, Einride Berg, seier til Khrono at samskipnaden meiner studentane følgjer smittevernreglane.

— Universitetet hadde nokre vektarar på plass heilt i starten av semesteret. Det var nokre festar i fadderveka, men dei var stort sett ute, seier Berg, og legg til at det heller ikkje er rapportert om smitte blant studentane i Ås.

Ekstra vakthald i Oslo

Studentsamskipnaden SiO er samskipnad for 27 utdanningsinstitusjonar. Bustaddirektør Gunn Kirsti Løkka skriv i ein epost til Khrono at dei har sett i verk både informasjonstiltak, auka reinhald og ekstra vakthald.

— Me opplever at dei som bur hos oss er opptekne av godt smittevern og i stor grad følgjer råda frå helsestyresmaktene. Der desse eventuelt ikkje vert følgt, vil vektarar ha moglegheitt il å gripa inn, skriv Løkka.

Ho seier at SiO ikkje har utforma reglar for kor mange som kan vera samla i fellesareal, men at det skal vera mogleg å halda minst ein meter avstand.

— Så lenge ein følgjer råda for smittevern og gjestane ikkje eer til sjenanse for andre, er det sjølvsagt lov å ha gjestar på besøk, seier Løkka, og legg til at SiO har oppmoda studentane om å testa seg ved mistanke om koronasmitte.

Også SiT, som er studentsamskipnaden i Trondheim, Ålesund og Gjøvik har hatt ekstra vakthald no ved semesterstart. Det skriv bustaddirektør Lisbeth Glørstad Aspås i ein epost til Khrono.

— Me har informert dei som bur i studentbustadane om smittevernreglar, og vist til Folkehelseinstituttet sine retningslinjer mellom anna når det gjeld kor mange som kan samlast, og innforstått òg kor mange gjestar som kan inviterast inn på eit felleskjøken, skriv Aspås.

Ho seier at det har vore ein del festar i samband med semesterstart og faddervekene, men ikkje meir enn normalt. Rapport frå vaktselskap tyder på at det ikkje har vore utfordringar med at for mange studentar har vore samla på felleskjøken.

Beklagar formulering

I ein epost til Nordlys skriv kommunikasjonssjef Sarah Yttermo Reibo i Norges arktiske studentsamskipnad at dei beklagar formuleringa om bøtelegging.

«Vi beklager formuleringen og ser at den er uheldig sett i lys av denne saken. Samskipnaden bøtelegger ingen, det er det kun politiet som kan gjøre. Men beboere kan bli belastet for utrykningen til vekterselskapet etter gjentatte meldinger om bråk. Altså dreier det seg om et gebyr, ikke en bot. Og kun ved gjentatte overtredelser av boreglement eller FHIs smittevernregler», skriv Reibo.

Til Khrono seier Reibo at samskipnaden skal ettergå at studentane har fått beskjed om at ikkje alle som bur saman får sitja saman.

— Det er uheldig at det er sagt. Me har kjøken som 15 studentar deler, og dei er eitt hushald. Men me ønskjer ikkje at det vert arrangert festar eller andre samlingar med fleire enn dei som bur saman, seier Reibo.

Også til Khrono seier ho at samskipnaden beklagar at dei har nytta omgrepet «bot».

— Det er ingen andre samskipnader som har like strenge reglar som dykk. Må de vera så strenge?

— Det har vor ein medviten tanke å vera streng. Ved semesterstart hadde me auka smitte i Tromsø, knytt til utbrotet på Hurtigruten. Planen var å gå over til vanleg drift etterkvart, og me ser no at me kan tora å løsna opp, seier Reibo.

Ho seier at det ikkje har vore smitte blant studentar i Tromsø, og heller ikkje i studentbustadane.

(Oppdatert 1.9 kl 10.32 med kommentar frå SiT og kl 12.11 med kommentarar frå Sarah Yttermo Reibo)

Powered by Labrador CMS