Adventskalender
Vert inspirert av framtidstrua til universiteta og høgskulane
Stortingsrepresentant Kari-Anne Jønnes (H) er framleis fersk som stortingsrepresentant, men alt fyrste jula ynskjer ho seg stabile rammer og autonomi for sektoren.

Bak den 2. luka i Khronos adventskalender finn me Stortingsrepresentant Kari-Anne Jønnes frå Høgre.
— Korleis vil du oppsummere 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— For min del som ny representant på Stortinget har det vore svært interessant og lærerikt. Eg har fått mange nye kontaktar og sektoren har opna dørene for meg og delt kunnskap, kompetanse og entusiasme. For sektoren sin del vil eg seia det har vore eit turbulent år med mykje uro og uvisse. Det er synd, for sektoren treng føreseielege rammer og godt samarbeid for å levera på samfunnsoppdraget som skal bidra til ei betre framtid for oss alle.
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Summen av alle møta med studentar, rektorar, forskarar og tilsette ute på institusjonane våre. Om eg skal trekkja fram éi hending er det møtet med alle institusjonane på Vestlandet og korleis dei samarbeider. Måla og framtidstrua deira gav inspirasjon til å arbeida vidare med Høgre sine løysingar for sektoren.
— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?
— 2022 har vore eit år fylt av ulike utfordringar. Eg vil trekkja fram kor viktig det er å ha eit ekstra blikk på studentane som no har innteke universitet og høgskular etter ein lang pandemi.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— Føreseielegheit, stor grad av autonomi og framsnakking.
— Kva skal du gjere i jula?
— Eg skal lesa mange gode bøker som eg har liggjande, vera saman med mann og barn, som eg har sett for lite til i haust, og gle meg over rolege dagar med fyr i omnen og dei helt små, nære tinga som er den største verdien i livet.
Nyeste artikler
Lise Iversen Kulbrandstad (1958—2025)
Trump truer med å frata Harvard retten til å ta imot utenlandske studenter
Ser vi egentlig på de riktige problemene i lærerutdanningen?
Slet med å lese og skrive til hun gikk i 8. klasse. Så oppdaget hun westernromaner
Mener hun fikk sparken fra Columbia fordi hun hjalp demonstrerende studenter
Mest lest
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Trumps økonomirådgiver fikk toll-argumenter av sin «fantasiprofessor» Vara
Ikke kall det bachelor og master før vi vet hva vi snakker om
Her fullfører flest studenter på normert tid
Avbryter søknad i mangfoldsprotest. — Skuffende at de gir etter for press