Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Tildelinga av Holbergprisen for 2020 vart kunngjort av styreleiar Sigmund Grønmo under ei tilstelling i Bergen i dag. Prisen går til Griselda Pollock.
Pollock blir rekna som ein av grunnleggarane av feministisk kunsthistorie på 1970-talet, og har utmerkt seg med ei kritisk og kulturteoretisk tilnærming til faget. Pollock, som er fødd i Sør-Afrika og delvis oppvaksen i Canada, er i dag professor ved CentreCATH (Centre for Cultural Analysis, Theory and History) ved Universitetet i Leeds i Storbrtiannia.
Nils Klim-prisen, som blir delt ut parallelt med Holbergprisen til nordiske forskarar under 35 år, går i år til den danske teologen Frederik Poulsen.
I grunngivinga for tildelinga av Holbergprisen heiter det at Griselda Pollocks nyskapande tilnærming til kunsthistorie og kulturstudiar har endra både forskingspraksis og kuratering av museum og galleri. «Pollock har tilført et radikalt nytt syn på visuell kunst ved å vektlegge faktorer som kjønn, klasse og rase. Dermed har hun synliggjort banebrytende verk av kunstnere som ellers ville ha vært ekskludert fra den kunsthistoriske kanon», heiter det frå Holbergprisen.
«Jeg har brukt 40 år på å skape nye begreper som utfordrer kunsthistoriens hvite, patriarkalske struktur», forklarer prisvinneren i kunngjeringa.
Det er første gong Holbergprisen går til ein kunsthistorikar.
Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Mottakaren av prisen må ifølgje tildelingskriteria ha påverka internasjonal forsking på prisens fagfelt på ein avgjerande måte. Prisen, som er verd seks milllionar norske kroner, vart første gong utdelt i 2004.
Det er derimot ikkje første gong prisen går til ein kulturteoretikar med bakgrunn i feminisme og postkolonial teori.
Den aller første Holbergprisen i 2004 gjekk til den fransk-bulgarske filosofen og psykoanalytikaren Julia Kristeva, mellom anna for hennar sentrale bidrag til feministisk teori. I fjor vart britiske Paul Gilroy tildelt Holbergprisen, også han ein sentral bidragsytar innan kulturstudiar. Prisen fekk han for «banebrytende forskning innen kulturvitenskap, kritisk raseteori, litteraturvitenskap og beslektede fagfelt».
Mellom der har blant andre den amerikanske litteraturprofessoren Fredric R. Jameson fått prisen, ei sentral stemme med bakgrunn i kritisk, marxistisk teori og bidragsytar i det postkoloniale feltet.
Griselda Pollock utmerkar seg med «evnen til å kombinere tradisjonell kunsthistorisk ekspertise med nyskapende, sofistikert teori»: Ho har ifølgje Holbergkomiteen endra den kunsthistoriske kanon i undervisning og forsking verda over. I løpet av karrieren har ho publisert meir enn 25 bøker og 200 artiklar.
Vinnaren av Nils Klim-prisen, Frederik Poulsen, er adjunkt ved Det Teologiske Fakultet ved Københavns Universitet. Han blir karakterisert som ein uvanleg dyktig forskar innan bibelvitskap som alt har oppnådd internasjonal anerkjenning.
Ifølgje juryen er arbeidet hans kjenneteikna av «en innovativ kombinasjon av historiske-kritiske og litterære metoder som gjør det mulig for ham å kaste nytt lys på disse oldtidstekstene».
Utdelinga av Holbergprisen og Nils Klim-prisen skjer med ein seremoni i Universitetsaulaen ved Universitetet i Bergen 4. juni.
Nylige artikler
Har bestemt seg for hvem de vil ha som Nokut-direktør de neste seks årene
Mer KI, mer universitet
UiT reduserer opptaket til medisinstudiet: — Har tatt lengre tid enn først antatt
Flere påsatte branner ved UiO. Politiet avhører vitner
Få saker til eksportkontroll, flere klager over lang saksbehandlingstid
Mest leste artikler
Klart best kvalifisert, ifølgje fagekspertane. Vraka til fordel for intern kandidat
Professoren som hjelper akademikere ut av konfliktområder på fritiden
Store deler av artikkelen var plagiat: — Ikke veldig alvorlig
Sensor reagerte på «uvanlig utsmykket og sterkt polert» språk
Langt flere får A i Oslo enn i Bergen og Tromsø. — Sensureres snillere