Sommar i Khrono

Uroa over nedgangstid for morsmålsfag: — Norsk er rett og slett ikkje populært

Solveig Brandal trivst i jobben og ville ikkje takka ja til ei sluttpakke om ho hadde fått tilbod om det. Men ho merkar godt at det dreg seg til økonomisk i akademia og er uroa for framtida til norskfaget. 

Solveig Brandal, Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap, tjuvstarta sommarferien i Kristiansand, på framføring av Krigsseilerrekviem av Bjørn Morten Christophersen. (Marinemusikken frå Horten, Operakoret og solistar, dirigent Bjarte Engeset).
Solveig Brandal, Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap, tjuvstarta sommarferien i Kristiansand, på framføring av Krigsseilerrekviem av Bjørn Morten Christophersen.
Publisert Oppdatert
Fakta

Sommar i Khrono

Solveig Brandal, Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap, tjuvstarta sommarferien i Kristiansand, på framføring av Krigsseilerrekviem av Bjørn Morten Christophersen. (Marinemusikken frå Horten, Operakoret og solistar, dirigent Bjarte Engeset).
  • I sommar kan du bli kjend med ulike folk som er knytte til universitets- og høgskuleverda.
  • Khrono har stilt alle dei same spørsmåla om jobb, kvardag og framtida.
  • I dag: Solveig Brandal, universitetslektor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg.

— Det dreg seg til økonomisk i akademia, merkar du det i kvardagen din på jobb?

— Ja, vi merkar det heile tida, vi har fått svært stramme budsjett for reiser, konferansar og arrangement, og frå hausten redusert undervisingsfaktor for grupper med færre studentar enn 12. 

— Fleire universitet og høgskular vurderer nedbemanningar og eventuelt sluttpakkar til tilsette. Vil du takke ja dersom du får tilbodet?

— Nei, eg ville ikkje ha takka ja – eg trivst.

— Kva gode råd vil du gje forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) for å styrkje akademia framover?

— Det kan hende at mitt råd i mindre grad gjeld for å styrke akademia, enn for å unngå at humaniora og norskfaget skal svekkast endå meir. Når institusjonane har auka ansvar for å dimensjonere studieplassane etter etterspurnad, merkar vi at talet 20 vert brukt som krav for å etablere og halde på studietilbod, utan at det er enkelt å forstå kva som til ei kvar tid vert talt til 20, og om talet 20 reelt sett speglar kvalitet og berekraft. 

— Norskfaget lid under ei internasjonal nedgangstid for morsmålsfag, det er rett og slett ikkje særleg populært. Rådet mitt er difor å tenke heilskapleg og langsiktig: Skal konsekvensen av manglande popularitet vere å bygge ned store norskfaglege miljø, og kva skjer då med skulefaget norsk?

— Stadig fleire unge og studentar slit med psykisk uhelse, syner fleire undersøkingar. Bør universiteta og høgskulane endre på noko i utdanningane eller i undervisninga si for å leggje betre til rette for studentar som slit?

— Ja, eg er programleiar og tenkjer at vi må ta innover oss at vi som underviser i akademia ikkje kan ta for gitt at studentane sjølve fullt ut greier å etablere inkluderande og gode læringsmiljø. Ikkje berre må vi tematisere forventningar til studentane, aktivt dele dei inn i grupper for å bli kjende, men også følgje dei opp og minne om at vi er lydhøyre. 

— To tidlegare statsrådar er blitt avslørte i fusk på masteroppgåvene sine, regjeringa har anka ei sak mot ein student inn til høgsterett for sjølvplagiering - og saka kjem opp i september. Blir plagiering/sjølvplagiering godt nok handtert i akademia?

— Utan at eg kjenner dei nemnde sakene godt, kan eg seie at mitt inntrykk er at konsekvensane av sjølvplagiering verkar i overkant strenge for studentar. Elles må vi som underviser og rettleier, verte endå flinkare til å sikre at studentane lærer å gjere bruk av god og reieleg referanseteknikk.

— ChatGPT og kunstig intelligens er komne for å bli og utvikla seg vidare. Kva slags moglegheiter / trugsmål ser du for høgare utdanning og forsking når det gjeld KI?

— Eg har lite erfaring med ChatGPT sjølv og saknar ein større diskusjon om korleis vi skal vurdere kva som er føremålstenleg bruk av teknologien i norskfaget. Sakprosaprofessor Anders Johansen har sagt at å skrive er å tenke, og vi skal øve opp evne til å skrive fram ein tanke, men også evne til å skilje ein god tekst frå ein mindre god tekst, uansett om teksten er sjølvskriven, skriven av noko andre, eller generert.

5 kjappe

1. Vald eller tilsett rektor? 

— Vald

2. Sensor på skriftleg eller munnleg eksamen? 

— Munnleg

3. Forskingstermin i Paris eller Svalbard? 

— Svalbard

4. Studentar som protesterer eller studentar som gjer som dei blir fortalt? 

— Studentar som protesterer

5. Kven frå norsk akademia ville du helst ha stranda med på ei aude øy, og kvifor akkurat desse? 

— Min fyrste tanke er at eg helst ville ha stranda på ei aude øy saman med eit ualminneleg nevenyttig og praktisk menneske, og eg held på den tanken og svarer blankt.

Powered by Labrador CMS