UiO-rektor Ole Petter Ottersen og leiar for Studentparlamentet, Hans Christian Paulsen, klipte saman over snora som markerte opninga av det nye digitale eksamenslokalet i Silurveien på Ullern. Foto: Ola Sæther
UiO-rektor Ole Petter Ottersen og leiar for Studentparlamentet, Hans Christian Paulsen, klipte saman over snora som markerte opninga av det nye digitale eksamenslokalet i Silurveien på Ullern. Foto: Ola Sæther

Opnar nytt lokale for heildigital eksamen

No kan 488 studentar på Universitetet i Oslo ta digital eksamen samtidig i framtidsretta og skreddarsydd lokale. 20.000 studentar skal ha både digitale og papirbaserte eksamenar der denne hausten.

Publisert Oppdatert

(UiO tar no i bruk 488 plassar til avvikling av digital eksamen i Selvaag-gruppens næringseigedom på Ullern. Foto: Ola Sæther)

Universitetet i Oslo er i ferd med å digitalisera eksamenane for studentane sine. Medan Det juridiske fakultetet allereie har digitalisert alle eksamenane sine, fylgjer no resten av UiO etter, skriv Uniforum

Eit stort steg framover i denne utviklinga blei tatt i formiddag, då UiO-rektor Ole Petter Ottersenog leiar for Studentparlamentet Hans Christian Paulsen saman kunne klippa over snora til det hypermoderne digitale eksamenslokalet i Silurveien 2.  

— Når eg ser dette lokalet, er eg glad for at eg framleis har nokre eksamenar igjen, før eg er ferdig som student ved UiO, sa Hans Christian Paulsen.

 Det er ein svært viktig komponent i arbeidet vårt for studiekvalitet.

Ole Petter Ottersen

— Samtidig er førsteinntrykket eit orwelliansk mareritt med PC-skjermar overalt. Men det er svært bra at UiO er innovative og tenkjer nytt på vegner av studentane, understreka han. 

— Fleire enn i Tønsberg

UiO-rektor Ole Petter Ottersen lova at han sjølv gjerne tar digital eksamen i idéhistorie i dei nye lokala.

— Det er enorme dimensjonar over dette eksamenslokalet. Over 20.000 studentar skal ta eksamenane sine her før juleferien. I løpet av eitt år går 60 000 studentar gjennom ein eksamen på UiO. Det er fleire personar enn det er innbyggjarar i ein by som til dømes Tønsberg. For UiO er det fantastisk at me no kan ta i bruk dette lokalet. Det er ein svært viktig komponent i arbeidet vårt for studiekvalitet, sa Ole Petter Ottersen. 

Han gav masse honnør til UiOs IT-avdeling (USIT) og Eigedomsavdelinga som hadde stått i brodden for arbeidet med å få dette på plass.  

Administrerande direktør Olav Line i Selvaag-gruppen var svært nøgd med at UiO leiger lokale til digitale eksamenar i deira næringsbygg i Silurveien.

— Dette har me lenge drøymt om å få til, sa han.  

(UiO-rektor Ole Petter Ottersen og leiar for Studentparlamentet, Hans Christian Paulsen, klipte saman over snora som markerte opninga av det nye digitale eksamenslokalet i Silurveien på Ullern i Oslo. Foto: Ola Sæther)

Første digitale eksamen i oktober

70 bachelorstudentar i psykologi vil vera først ute med digital eksamen i dei nye lokala. Det skjer den 6. oktober.

– Då vil 130 medisinstudentar samtidig ha papirbasert eksamen i det same lokalet, opplyser prosjektleiar for digital eksamen, Gry Anita Hemsing til Uniforum.

— Deretter vil det avviklast både digitale eksamenar og papireksamenar i lokala kvar dag til og med 21. desember, med unntak av sju dagar. Med andre ord er det eksamenar på UiO langt oftare enn dei siste to vekene før jul, slik mange trur, legg ho til.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS