Usikkert kva som vil skje med Marienlyst når/viss NRK flyttar ut. Universitetet i Oslo vil at det skal bli eit dedikret campusområde. Foto: Anne Liv Ekroll

NRK og UiO usamde om Marienlyst

Usamde. NRK vil flytta frå Marienlyst, men treng så mykje pengar som mogleg. Universitetet i Oslo vil flytta inn, men ha kunnskapsgate.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Dersom verdien av tomta vert liten som følgje av både freding og avgrensingar i måten han kan brukast på, vil ikkje me ha løfteevne til å finansiera eit nybygg for NRK.

Det seier Jon Espen Lohne, direktør for lokalisering i NRK, til Journalisten.

Det har lenge vore kjent at NRK ønskjer å flytta frå Marienlyst. Kor ferda går er førebels ikkje avklart. Det er heller ikkje klart kven som overtek rikskringkastinga sine lokaler. Men i fjor haust skreiv UiO seg på interesselista, melder På Høyden.

— Eit drøymeområde. Me ønskjer at heile eller deler av Marienlyst skal regulerast til eit prioritert campusområde i Oslo, sa UiO-rektor Svein Stølen då.

Vil ha bustader

No er det nettopp kva Marienlyst skal brukast til som er problemet. Journalisten omtalar eit brev UiO og tomtenabo Opplysningsvesenets Fond har sendt til Oslo kommune. Her skildrar og utdjupar dei ønskjet dei har om å etablera ei kunnskapsklynge på Marienlyst. Dei skisserer lokale for både næring og undervisning, studentbustader og andre sørvisfunksjonar for universitetet.

Me ønskjer at heile eller deler av Marienlyst skal regulerast til eit prioritert campus-område i Oslo

Svein Stølen

Nei, seier NRK. Radiohuset og Store Studio er freda, men NRKmeiner dette kan brukast til dømes som undervisningslokale. Men resten av området ønskjer statskanalen å bruka til bustader.

Då seier UiO nei. Dei viser til ledige lokale på Blindern som saman med Marienlyst-arealet kan verta ei kunnskapsklynge, og åtvarar mot at bustader vil kunne bety ein ny «mur» mellom UiO og byen.

Pris: 2 mrd?

Selvaag Bolig har tidlegare, ifølgje Dagbladet, sagt at tomteverdien på Marienlyst kan strekkja seg mot to milliardar kroner dersom ein kan byggja 1 500 bustader der. Bygningsmassen NRK ønskjer å flytta frå er 120 000 kvadratmeter. Radiohuset åleine er 37 000 kvadratmeter. NRK har no hatt oppstartsmøte med Oslo kommune om reguleringsprosess for området.

Leif Johnny Johannessen er plan- og utredningsdirektør ved UiO. Han seier til Journalisten at UiO ikkje vil handla i strid med det NRKønskjer, og at UiO er positiv til bustader.

— Men det bør vera ein variasjon mellom ulike formål. Me ønskjer å diskutera ulike løysingar for korleis Oslo skal nå målet sitt om å verta ein kunnskapshovudstad, seier Johannessen.

Kor NRK eventuelt skal flytta er ikkje klart. Forslaget om å flytta til Groruddalen vart stemt ned i Oslo bystyre i fjor vår, skriv Aftenposten. Økern, Harlandrud/Ulven, Bryn/Helsfyr og Tøyen har vorte føreslege som moglege område.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS