– Avmakta er samfunnet sin største fiende, sa den kreftsjuke professoren i sosialmedisin, Per Fuggeli til fleire hundre tilhøyrarar på Universitetet i Oslo i helga.

Fleire hundre ville ha Fugellis «siste resept»

Ei enkel førelesing av Per Fugelli om livsvisdom førte til lang kø og flytting til eit større auditorium under festivalen på Universitetet i Oslo i helga.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Over 300 ville inne på førelesinga til Per Fugelli om den siste resept på UiO-festivalen laurdag 23. april. Det var for mange for auditorium 5 i Vilhelm Bjerknes’ hus. Derfor måtte alle losast over til Sophus Lies auditorium i nabobygningen, skriv Uniforum.  

– Alle må føla seg verdige

Folk sat konsentrerte og lytta til enkel livsfilosofi frå samfunnsdebattanten, legen og medisinprofessoren Per Fugelli. Han fortalde om korleis det var å oppleva oppturar og nedturar som kreftpasient. Samtidig gav han alle tilhøyrarane gode råd om livet.

– Alle må føla seg verdige, ha handlingsrom i eige liv, føla at dei tilhøyrer ein fellesskap og ha meining og likevekt i liva sine. Og i ein flokk må alle oppleva likeverd, fridom, samhald og mangfald. Når menneska sine grunnstoff og flokken sine grunnstoff verkar saman, får me godt nok-samfunnet. Då treng me berre ha ein enkel regel: Respekter Noregs lover! slo Per Fugelli fast.

Universiteta må vera ein økologisk oase som «senker drømmer på vår jord»,

Per Fuggeli

– Ver deg sjølv!

Som ein gammal skulemeister delte han ut ein disposisjon av foredraget sitt til alle dei frammøtte. Og som ein sundagsskulelærar hadde han klistra ei sølvstjerne på kvart einaste ark. 

– For at folk skal vera trygge, må dei få vera seg sjølve. Ver glad i deg sjølv som medfødd feilvare, meinte han.

Per Fugelli var overtydd om at det var ein akademisk institusjon som hadde ei viktig rolle i dette:

– Universiteta må vera ein økologisk oase som «senker drømmer på vår jord», sa han og refererte til «Ja vi elsker». – Avmakta er samfunnet sin største fiende. Samfunnet må derfor inkludera alle, var den siste resepten han gav om livet og samfunnet sine grunnstoff.

Inga krise i det nordiske samarbeidet

Tidlegare den same ettermiddagen samla Kristin Clemet, Knut Kjeldstadli og Grete Brochmann rundt 150 personar til ein debatt om flyktningstraumen til Europa ville føra til ei krise for det nordiske samarbeidet. Alle meinte at det nordiske samarbeidet hadde alt å tena på opne grenser på grunn av det utstrekte økonomiske samarbeidet mellom dei tre skandinaviske landa Sverige, Danmark og Noreg. Dei peika på at alle desse tre landa hadde den same velferdsmodellen.

– Den viktigaste skilnaden var at Sverige og Danmark har vore tidlegare ute enn Noreg med å strama inn på velferdsgoda. Grunnen er sjølvsagt at Noreg har hatt betre økonomi enn dei to andre landa på grunn av oljeinntektene, konstaterte Kristin Clemet. 

Sveriges u-sving

Grete Brochmann peika på ein viktig ting som fekk dei tre skandinaviske landa til å likna endå meir på kvarandre når det gjeld innvandringspolitikken.

– Det var sjølvsagt Sveriges u-sving, då landet for første gong aksepterte at tal på flyktningar har samanheng med i kor stor grad landet vil lykkast med integrering av dei,  sa ho.

– Bustadpolitikken tener som integrering

Kristin Clemet tykte Noreg på fleire område hadde vore flinkare til å integrera folk med minoritetsbakgrunn enn dei to andre skandinaviske landa.

– Bustadpolitikken tener som integrering i Noreg. Norske politikarar vil at flest mogleg av oss skal eiga vår eigen bustad. Derfor er det ein større del av personar med innvandrarbakgrunn i Noreg som eig sin eigen bustad, enn det som er gjennomsnittet blant  majoriteten i  Sverige og Danmark. Osloskulen tener også til god integrering, meinte Kristin Clemet. 

Skrivekurs og vitskaplege eksperiment

Siste post på programmet under UiO-festivalen på laurdag var Harald Eia som heldt eit skrivekurs.

Han ville forklara kvifor flinke folk ofte skriv så dårleg, og korleis alle kan bli betre til å skriva. Det var det svært mange som også ville ha med seg. Også han klarte å fylla eit stort auditorium.

Ute på Frederikkeplassen var det barneuniversitet der ungane kunne sjå andre barn som dreiv med vitskaplege eksperiment eller delta sjølve.

Trass i det kalde og sure veret var det mange personar som tok turen til UiO-festivalen på Blindern laurdag 23. april. Opningskonserten med Solveig Slettahjell og Knut Reiersrud i Universitetets aula fredag 22. april  trekte nesten fullt hus. Musikarane måtte gi to ekstranummer før det musikkelskande publikummet var nøgd.

Fuggeli trekte også fullt hus med eit innlegg om «Å danne mot» ved Høgskolen i Oslo og Akershus i 2014: 

Les også: Norge er blitt et feigt land

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS