UiA samarbeider med Cern

Publisert

Universitetet i Agder (UiA) har vorte medlem av CERN CMS, og ein avtale mellom Fakultet for teknologi og realfag og CERNs CMS-eksperiment er inngått. Dette skriv UiA på sine nettsider.

CERN er ein europeisk organisasjon som samarbeider med land, universitet og organisasjonar verda over om forsking på elementærpartikkelfysikk, kjernefysikk og kjernekjemi. Eksperimenta i CERN går føre seg 100 meter under bakken i ein 27 kilometer lang tunnel.

Eksperimentet UiA skal vera med på, er eit av tre eksperiment som vert gjennomført i den lange tunnelen. I første omgang inneber samarbeidet forskings- og utviklingsprosjekt i fagområda kunstig intelligens, mobilkommunikasjon, mekatronikk og fornybar energi.

– Samarbeidet med CERN gir oss eit unikt nettverk for kunnskapsutveksling med forskarar innan fleire fagfelt. Det vil også skaffa studentane våre spennande og relevante bachelor- og masterprosjekt i samarbeid med anerkjente internasjonale forskarar, seier Michael Rygaard Hansen til eigne nettsider.

Hansen er dekan på Fakultet for teknologi og realfag ved Universitetet i Agder (UiA).

(Hilde Kristin Strand / Khrono)