adventskalender
Trur situasjonen i Forskingsrådet vil stå att som eit mørkt kapittel
Stortingspolitikar frå SV, Freddy André Øvstegård, fryktar at me skal spara oss til fant når det vert kutta på forsking i krisetider.
![Sv-politikar Freddy André Øvstegård har pynta stortingskontoret til jul.](https://image.khrono.no/736254.webp?imageId=736254&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=76.13&width=968&height=554&format=jpg)
Bak den 3. luka i Khronos adventskalender skjular Freddy André Øvstegård seg, stortingspolitikar frå SV.
— Korleis vil du oppsummere 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— Eg håpar 2023 vert betre, for å seia det slik. I alle fall når det kjem til forskings- og høgare utdanningspolitikken. Eg trur særleg situasjonen i Forskingsrådet vil stå att som eit mørkt kapittel i ei tid der me heller enn å måtta redda oss inn frå kutt, burde ha satsa mykje meir på forsking for dei store omstillingane me skal igjennom framover.
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Det forskingspolitiske seminaret Forskerforbundet arrangerte i november har eg ferskt i minnet. Eg synest me fekk ein veldig god politisk debatt der.
— Kva har vore den største utfordringa i 2022, slik du ser det?
— Potensialet for å gira opp forsking og høgare utdanning i møte med dei store utfordringane i vår tid er enormt. Denne sektoren skal vera motoren for å løyse klimakrisa, grøn omstilling og meir til. Men samstundes skal det brukast mindre pengar generelt på grunn av økonomien. Då er det vanskeleg å få fram at å investera i forsking i krisetider er klokt for framtida.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— Eg ynskjer meg ein endå meir mangfaldig universitets- og høgskulesektor. Komiteen for kjønnsbalanse og mangfald i forsking viser at me framleis har ein del å gå på der. Og eit større mangfald mellom dei viktige stemmene i UH-sektoren gjev også eit større mangfald i ålmenta generelt, fordi universiteta og høgskulane er så viktige for å setja premissar i debatten. Her må me alle bidra meir, og helst ikkje berre ynskje det som julegåve.
— Kva skal du gjera i jula?
— I jula skal eg, tradisjonen tru, lesa, sova, eta og spela dataspel. Alt i store mengder.
Nyeste artikler
Botanikarar vil luke ut krenkande plantenamn
Spionsiktet ville ha møte med departement for pengestøtte
Strümke: «KI vil gjere dei dårlege dårlegare og dei gode betre»
Høysesong for opptak. Disse studentene bruker sommeren på søkerne
NMBU-rektor støtter dekanen som har forventning om 25 prosent inntjening av lønn
Mest lest
Nynorskbastion får tyn. «Åtte språkfeil på tre setningar»
Her er Nordens beste universitet
Mange blir mer sårbare med ny finansiering. Hvordan skal utslagene fordeles?
Dro inn 150 millioner i 2023 på studenter som henne
— Sensorene må være med å definere grensa for stryk