Adventsprat
Trur Egon Holstad kunne ha røska opp både her og der som statsråd
Professor Torjer A. Olsen trur samfunnsdebattant og journalist Egon Holstad kunne gjort seg som forskings- og utdanningsminister, om han skulle vald heilt fritt og tenkt utanfor boksen.
Khrono har e-postintervjua eit knippe interessante personar i akademia på e-post om året som snart er over og om året som kjem. Intervjua kan du lesa fram mot jul.
Torjer Andreas Olsen leier Senter for samiske studium ved UiT Noregs arktiske universitet.
— Kva er det beste og det verste som har skjedd deg i jobbsamanheng i 2024?
— Det beste i 2024 er at eg har vore å besøk ved UH-institusjonar i inn- og utland og synest det er fantastisk å møta viljen til fagleg utvikling knytt til urfolkskompetanse og -perspektiv. Det verste er å sjå korleis både krig og økonomisk uro skaper utryggleik for folk – også i sektoren.
— Kva er det beste og verste som kan skje i 2025?
— Det beste må vera at UiT endeleg får høve til å starta bygginga av eit nytt museumsbygg! Det verste i det store er kva ytre høgre kan øydeleggja globalt. Heime fryktar eg at oppfølginga av Sannings- og forsoningskommisjonen endar i ein serie små tiltak me konkurrerer om frå kvar vår tue.
— Korleis pregar den økonomiske situasjonen i sektoren arbeidskvardagen din?
— Den økonomiske situasjonen pregar oss alle, særleg med uro, uvisse og utryggleik. For eigen arbeidskvardag merkar eg at etterspurnaden og interessa etter kompetansen og kunnskapen min aukar frå alle kantar.
— Kven i akademia fortener ei julestjerne?
— Eg gjev veldig gjerne ei julestjerne til administrasjonen i UH-sektoren. Dei gjer ein stor og enormt viktig jobb, og får ein masse kjeft og skit. Virtuell julestjerne og heider til alle hos NFR, Udir, UHR, departement og universitet!
— Om du kunne valt heilt fritt, kven vil du ha som den neste statsråden for forsking og høgare utdanning?
— Neste statsråd? Dersom eg skal tenkja utanfor alle boksar, seier eg Egon Holstad. Det hadde røska opp både her og der. Skal eg tenkja innanfor boksen, synest eg at det er fint å ha ein statsråd frå sektoren – helst frå utanfor Oslo.
Fire kjappe:
— Fullfør setninga: Om eg var rektor for ein dag ville eg …
— … ha innført ei
ordning der alle nytilsette og nye studentar møtte eit obligatorisk
innføringskurs med kunnskap om samar og nasjonale minoritetar.
— Kva står på julemenyen?
— And – det vil seia to ender, ei med asiatisk og ei med fransk smak.
— Kva gler du deg minst til med jula?
— Å sjå Manchester United tapa.
— Kva MÅ vere på plass for at det skal bli ekte jul?
— Familie, ein roman eller tre og Nordnorsk julesalme med Moddi.