USA

Trump tar nesten tjue milliardar frå to universitet

Donald Trump held igjen støtte til Cornell og Northwestern tilsvarande nesten 20 milliardar norske kroner.

Cornell University
Cornell University er blitt det neste universitetet på Trumps liste som skal granskast for antisemittisme. No står universitetet i fare for å miste ein milliard dollar.

Først Columbia, så Harvard, Brown, Princeton, Stanford og Pennsylvania. 

No står Cornell og Northwestern University for tur, melder fleire amerikanske media.

Cornell University i staten New York kan miste overføringar på ein milliard dollar. Northwestern University får 790 millionar dollar lagt på is. Det svarer til nær 20 milliardar norske kroner etter dagens kurs.

Grunnen er ifølgje Trump-administrasjonen at begge universiteta er under etterforsking etter skuldingar om antisemittisme og rasediskriminering, som følgje av tiltak for fremje mangfald.

Skulding om antisemittisme

Ein representant for Cornell-universitetet seier til New York Times at dei ikkje har fått informasjon frå styresmaktene om at forskingsmidlar på ein milliard dollar er stansa. Ein talsperson for Northwestern stadfestar derimot at dei er blitt informert.

Cornell høyrer til dei såkalla Ivy Leauge-universiteta, ei gruppe private universitet med tradisjonelt høg prestisje. Northwestern er også rekna for å vere eit av dei beste universiteta i landet.

Blokkeringa av forskingsmidlane til Cornell og Northwestern er ledd i ei varsla, massive omstrukturering av den amerikanske forskings- og utdanningssektoren i regi av Trumps regime. Så langt er 60 universitet sett under gransking, på grunnlag av skuldingar om antisemittisme.

Harvard: 100 milliardar

Columbia University i New York var det første som vart utsett for massivt press av Trump, som trua med å fjerne finansiering tilsvarande 4,3 milliardar norske kroner  dersom dei ikkje etterkom ei rekke krav.

Det enda med at Columbia gav etter for presset og presenterte eit memorandum med oversikt over tiltak og endringar av reglar og rutinar leiinga ville gjennomføre. Blant desse var å innføre eit slags campus-politi med mandat til å gjennomføre arrestasjonar av studentar og tilsette.

I slutten av mars kunngjorde amerikanske styresmakter at dei ville gå kontraktane med Harvard etter i saumane — verd om lag 2,6 milliardar i norske kroner. I tillegg er Trump-regimet i ferd med gå gjennom fleirårige avtalar om forskingsstøtte med ein samla verdi på meir enn 8,7 milliardar dollar.

Harvard står dermed i fare for å miste støtte tilsvarande nesten 100 milliardar norske kroner.

 

Powered by Labrador CMS