71,5 mill. til forsking på miljøvennleg transport
Regjeringen løyver 71,5 millionar kroner til forskingsmiljø som vil delta i den teknologiske utviklinga for å gjera transportsektoren endå meir miljøvennleg.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Mandag besøkte klima- og miljøminister Vidar Helgesen Universitet i Oslo. Han hadde med seg ein godt planlagt budsjettlekkasje, skriv Uniforum.
— Me løyver 71,5 millionar kroner til forskingsmiljø som vil delta i den teknologiske utviklinga for å gjera transportsektoren endå meir miljøvennleg, sa Helgesen og la til:
— Når heile transportsektoren kan bli utvikla i meir miljøvennleg retning, blir det lettare å nå måla me har sett oss for eit lågutsleppsamfunn i 2030, var klima- og miljøminister Vidar Helgesen heilt sikker på.
Fekk lanseringsidé i Apollon
Det var ein reportasje i forskingsmagasinet Apollon som gjorde klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen klar over at det på Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo blei forska på utvikling av batteri som vil ha tusen gonger større effekt enn dagens batteri.
— Me dreiv og søkte litt på ny teknikk og brått dukka denne Apollon-artikkelen opp. Difor fann me ut at det var naturleg å presentera dei nye, friske millionane på dette instituttet. No er det på tide å finna løysingar som er relevante, og så må me bli flinkare i dette landet til å få til ny verdiskaping basert på forsking og utvikling. Når me lanserer rapporten Grøn konkurransekraft seinare i oktober, vil me koma nærare inn på det, sa Vidar Helgesen. Han hadde også med seg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
— Fascinerande
Begge statsrådane let seg synleg imponera av det dei såg i laboratoria av utvikling og forsking på framtidas nye og meir effektive batteri.
— Dette er fascinerande. Og det er ei rivande utvikling på dette området der Noreg er langt framme. Dersom me skal nå måla me har sett oss for lågutsleppsamfunnet i 2030, må transportsektoren vera med. Personbilmarknaden har kome svært langt i å utvikla effektive elbilar, men det me ser no syner at det også vil vera mogleg å få resten av transportsektoren med i denne utviklinga. Då tenkjer eg både på tungtransport og kollektivtransport. For at det skal skje, er det viktig at det er eit samarbeid mellom forskings- og utviklingsmiljøa og næringslivet. Det er grunnen til at regjeringa foreslår ei løyving på 71,5 millionar kroner til denne forskinga, fortalde Vidar Helgesen.
— Stor interesse frå næringslivet
Professor i uorganisk materialkjemi, Helmer Fjellvåg viste kor raskt utviklinga har gått.
— For ti år sidan var ikkje næringslivet særleg interessert i det me heldt på med. No vil alle vita kva me driv på med. Det er framleis eit stykke igjen før me har brukt opp alle moglegheiter kjemien gir oss til å utvikla meir effektive og betre batteri. I løpet av fem til ti år vil det vera ei stor elektrifisering av transportsektoren. Rolla vår er å driva forsking og undervisning. Og om me er gode, vil også næringslivet samarbeida med oss, trudde han.
— Universiteta har mykje å bidra med
Vidar Helgesen og Torbjørn Røe Isaksen blei også vist rundt i eit laboratorium der det blir utvikla ein metode for å redusera NOx-utsleppa frå motorar i skip og andre kjøretøy gjennom å laga heilt nye type materialar. Laboratoriet samarbeider nært med gjødsel- og kjemikalieselskapet Yara og det Hamar-baserte edelmetallselskapet K. A. Rasmussen.
Helmer Fjellvåg fylgde opp omvisinga med ein invitasjon til norske selskap:
— Dette er forsking som er relevant for norsk næringsliv. Men den krev også avansert instrumentering. Universiteta har difor mykje å bidra med til næringslivet når det gjeld forsking og utvikling innanfor dette området, sa han.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!