Kortnytt

Tilrår framleis strenge tiltak i Bergen

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bergen kommune vil på dei strengaste tiltaka i byen, etter ei veke med nesten full nedstenging. Det kom fram under ein pressekonferanse fredag.

Kommunen ynskjer mellom anna å gjenopna biblioteka, og gå frå raudt til gult nivå i barnehagar, barneskular og ungdomsskulane.

Det er ikkje kome råd om å letta på påbodet om heimekontor.

Kommunen, som har utbrot av fleire muterte koronavirus, opplyste også at dei har tilsett pensjonerte politifolk som smitteverninspektørar. Desse skal kontrollera at folk held smittevernreglane.

Rådet frå byrådet i Bergen inneber å flytta kommunen frå kapittel 5A til smittervernforskrifta til 5C. No er det opp til regjeringa om dei vil fylgja råda frå kommunen.

(Ragnhild Bjørge / Khrono)

Powered by Labrador CMS