Norsk forsking fenger internasjonale lesarar
Siv Måseidvåg Gamlem si forsking er ikkje berre banebrytande, nå har den for tredje gong fått ho inn på mest lest lista til tidsskriftet Teacher Development.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Vi veit at motivasjon på ungdomsskulen er dalande. Det finnes mange studiar på høgare nivå om korleis tilbakemeldingar fungerer, men det har vorte forska lite blant denne aldersgruppa, seier førsteamanuensis ved høgskulen i Volda Siv Måseidvåg Gamlem.
— Forsking har slått fast at det er viktig med tilbakemeldingar, men vi veit for lite om kvaliteten og forståinga om nyttig tilbakemelding. Kva skal til for å skape kvalitet i læring, spør forskaren som har valt å skrive doktorgradsavhandlinga «Tilbakemelding som støtte for læring på ungdomssteget».
Nå vil alle lese kva ho har kome fram til.
Mest lest
— At den fyrste artikkelen min vart så populær trur eg gjorde at folk byrja å søke på andre ting eg hadde skrevet, og slik byrja ballen å rulle, seier Gamlem om suksessen
Vi veit at motivasjon på ungdomsskulen er dalande. Det finnes mange studiar på høgare nivå om korleis tilbake-
meldingar fungerer, men det har vorte forska lite blant denne
aldersgruppa.
Siv Måseidvåg Gamlem
Elevene seier at dei ynskjer at tilbake-
meldingane skal gå meir på det faglege, og ikkje på dei som person.
Siv Måseidvåg Gamlem
Det er artig at ein liten høgskule kan få til forsking som vert lagt merke til på eit inter-
nasjonalt plan.
Siv Måseidvåg Gamlem
Hennar fyrste artikkel «Student perceptions of classroom feedback» var ikkje berre den mest leste artikkelen for tidsskriftet «Assessment in Education: Principles, Policy & Practice» i 2013», men også den mest leste i utdanningsvitskap ved heile Routledge forlaget i 2014. Artikkelen hadde ho skrive saman med bi-rettleiar professor Kari Smith (UiB). Gamlem følgde opp med «Mapping the quality of feedback to support students’ learning in lower secondary classrooms» som kom på lista over dei ti mest leste artiklane i 2014 og månadens artikkel i september. Denne var skriven saman med rettleiar professor Elaine Munthe (UiS). Nå har «Feedback to support learning: changes in teachers’ practice and beliefs» nok ein gong gjort ho til ein av dei mest leste forskarane.
Teacher Development feirar sitt 20 års jubileum ved å gje lesarane tilgang til dei mest leste artiklane frå 2014 og 2015 og vil du lese den siste artiekkelen til Gamlem gratis, kan du gjere det her.
Får ikkje tilbakemeldingar på det faglege
Gamlem har blant anna intervjua lærarar og elvar, observert klasseromssituasjonar og hatt workshops med lærarane. I tillegg består materialet hennar av videoopptak av 56 undervisningstimer med 28 lærarar ved fire ungdomsskuler.
Funna viser at tilbakemeldingar i klasserommet ofte er retta meir mot positiv emosjonell støtte enn fagleg. Altså at ein gjev tilbakemelding om at det er bra at eleven har gjort arbeidet sitt, meir enn å gje tilbakemelding på det som har vorte gjort.
— Elevene seier at dei ynskjer at tilbakemeldingane skal gå meir på det faglege, og ikkje på dei som person, seier Gamlem.
Gamlem har òg funne at læraren si forståing av tilbakemelding varierer, medan nokon er opptekne av prosessen er andre oppteke av dokumentasjon, slik som karakterar.
— Nokre av lærarane meinte at det var motiverande for læring med tilbakemeldingar i form av karakterar, men det er demotiverande om du trur du har gjort det betre enn karakterane tilseier og tilbakemeldinga ikkje seier noko om korleis du prestere betre.
For travelt
Intervju med elevar viser at det er ynskje om meir fagleg tilbakemeldingar og dei ynskjer seg ein moglegheit til å kunne bruke tilbakemeldingane. Gamlem meiner det at ein hopper for fort framover i norsk skule.
— Når elevane til dømes får spesifikk tilbakemelding på innhaldet i eit innlevert arbeid, blir denne tilbakemeldinga snudd til noko destruktivt, fordi den kjem for seint. Man får vite når man er ferdig kva man eigentleg burde ha gjort. Eleven får ikkje brukt tilbakemeldinga fordi ein skal over på eit nytt kapittel og eit nytt tema. Det er så mykje dei skal gjennom og mange mister difor ei gylden moglegheit for læring og utvida forståing. Det er såleis viktig at tilbakemeldingar undervegs og etter ei innlevering også handlar om strategiar elevar brukar i arbeidet.
Gamlem ser det også som eit problem dersom dei med lav mestring får lite tilbakemeldingar på kva dei må gjere for å få betre resultat, men beskjed om at det er fint at dei arbeider.
— Det må vere meir om læringsprossesar. Skal en kunne utvikle seg må man få tilbakemelding på det faglige, både på oppgåveinnhald og strategibruk, seier ho.
Stor forsking, liten høgskule
Gamlem syns det er tilfredsstillande å forske på noko som har nytteverdi både for lærarar og elevar.
— Internasjonale artiklar blir kanskje ikkje så lett tatt fram og lest av lærarar, men bøkene på norsk er meir anvendelege, og eg får mange etterspørsel om foredrag og om å vere med å rettleie, seier forskaren, som trur at små justeringar vil ha stor betyding for læringsutbytte.
Gamlem veit ikkje kvifor det har vorte forska så lite på tilbakemeldingar før, men er glad for at ho fekk stipendiat slik at ho fekk moglegheit til å forske på temaet.
— Og så er det artig at ein liten høgskule kan få til forsking som vert lagt merke til på eit internasjonalt plan, seier Gamlem.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!