Ti menn og ei kvinne vil bli ARENA-direktør

Ny direktør. Kathleen Jennings, seksjonssjef ved OsloMet, er den einaste kvinna som har søkt jobben som ny direktør for ARENA Senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo. Dei ti andre på søkarlista er menn.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Elleve personar ønskjer å overta senterleiar-jobben ved ARENA Senter for europaforsking etter Erik Oddvar Eriksen.

Komande måndag vil styret for senteret i eit ekstraordinært møte bestemme seg for kven av søkarane dei vil innstille som kandidat, skriv Uniforum.

Kathleen Jennings er den einaste kvinna som har søkt senterleiar-jobben. Foto: OsloMet

Den einaste kvinna som har søkt direktør-jobben er Kathleen Jennings (43). Ho er i dag leiar for seksjon for forsking og utvikling ved Fakultet for samfunnsvitskap ved OsloMet. Jennings forsvarte si ph.d.-avhandling i statvitskap i 2016.

Blant dei andre på søkarlista finn ein mellom andre Tore Slaatta, som slutta som professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) i 2015 for å bli generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Sidan 2018 har søkt seg tilbake til UiO og søkte den gong på stillinga som kommunikasjonsdirektør, ifølgje Uniforum.

Professor Bent Sofus Tranøy ved Høgskolen i Innlandet og Høyskolen Kristiania står også på søkarlista. Det gjer også ein statsvitskaps-professor frå Háskóli Íslands.

Dette er den fullstendige søkjarlista:

1. Hailemariam Andarge (38), no employment, Akershus,mann

2. Thorbjorn Gaarder (64), chief credit officer, Oslo, mann

3. Søkar er unnteken offentlegheit, mann

Bent Sofus Tranøy er gjesteforskar ved ARENA og har no søkt jobben som senterleiar. Foto: Audestad Paal

4. Søkar er unnteken offentlegheit, mann

5. Kathleen Jennings (43), head of section for research and development, Faculty of Social Sciences, OsloMet — Oslo Metropolitan University Oslo, kvinne

6. Daniel Naurin (49), research professor and doordinator in political science at PluriCourts, Oslo, mann

7. Kjetil Jakobsen (54), professor i historie, Nord universitet, Bodø, Oslo, mann

8. Søknad trekt, mann

9. Tore Slaatta (62), professor, Dr. polit, Oslo, mann

10. Maximilian Conrad (44), professor, Kópavogur, mann

11. Bent Sofus Tranøy (58), professor, Bærum, mann

Avgått dekan ved det samfunnsvitskaplege fakultet ved UiO, Nils-Henrik von der Fehr, fakultetsdirektør Gudleik Grimstad og styreleiar for ARENA, Magnus Guldbrandsen, har leia tilsetjingsprosessen frå fakultetet.

I sakspapira frå det førre styremøtet går det fram at noverande ARENA-direktør Erik Oddvar Eriksen har sagt seg villig til å halda fram i stillinga til ein ny senterleiar er på plass.

Fakultetsstyret skal formelt gjere den endelege tilsetjinga seinare i januar.

Powered by Labrador CMS