God sommer fra Khrono!

Fjell og fjord er viktig for hovudverneombod ved OsloMet, BMarthe Eikum Tang. Barna hennar var med på skulestreik for klimaet - det har ført til gode diskusjonar i heimen og påverka mellom anna feriedestinasjon. Foto: Privat

Tang: Ungar no til dags er reflekterte og stiller gode spørsmål

Min sommarselfie. Hovudverneombod Marthe Eikum Tang tok fri frå jobb for å følgja barna sine til skulestreik for klimaet. Det er ho nøgd med.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kva håper du aller mest å sleppe unna i ferien, og kvifor?

— Ekstraordinære møteinnkallinger. Det er aldri eit godt teikn med hastesaker kombinert med feriemodus. Heldigvis er det ganske stort sannsyn for å sleppe unna. Elles kan eg gjerne sleppe unna myggen; men det viser seg å vere vanskelegare.

Kva er ditt beste klimatiltak i år?

FAKTA

Marthe Eikum Tang

Alder: 44

Fødestad: Sogndal

Bustad: Oslo

Stilling/studie: Sentralt verneombod ved OsloMet

— Å ta fri frå jobb for å følgje barna mine på skolestreik for klima. Det har generert gode klimadiskusjoner i heimen, som både påverkar feriedestinasjoner, transport og innkjøp. Ungar no til dags er reflekterte og stiller gode, kritiske spørsmål.

Kva ville du brukt ein robot til, dersom du fekk ein?

— Mest ønsker eg meg ein robot som C-3PO i Star Wars. Då hadde eg hatt ein diskusjonspartner som var smartare enn meg heile tida.

Viss du kunne velge karriere heilt på nytt, kva ville du ha valt?

— Eg ville nok ha studert det same, så mulig eg hadde enda opp her på ny? Eg hadde forhåpentlegvis gjort ein betre jobb på å framsnakke fersk antropologikompetanse.

Kva er du mest nøgd med å ha oppnådd siste året?

— Med universitetsstatusen opna døra seg inn til eit veldig fint og nyttig nettverk. Elles består jobben min av små steg i rett retning når det gjeld fokus på arbeidsmiljø ved universitetet. Eg blir nøgd kvar gang arbeidsmiljø vert vektlagt i beslutningar, utan at eg har måtte mase om det først. At vernetenesta blir brukt aktivt av leiing og tilsette er målet, og der er det små framsteg heile tida. (I tillegg er eg nøgd med å ha fullført kurs i personal- og arbeidsjus. Det har vore særs lærerikt.)

Kva skal du la deg underhalde av i sommar?

— Stort sett av ungane mine.

Du får Iselin Nybø på overraskande sommarbesøk. Kva ville du snakka med henne om?

— Eg ville ha snakka med ho om involvering og kor viktig det er for tilsette og studentar å få bidra når det skjer endringar, som ved campusreduksjon. Viktigheita av godt og trygt arbeidsmiljø for alle, og særskilt for stipendiatar og mellombels tilsette kan også vere eit fint tema.

Bør vi ha fleire eller færre universitet om 10 år?

Me bør ha muligheit for god høgare utdanning nær der folk bur; men korleis dette skal organiserast er eg usikker på

Marthe Eikum Tang

— Det veit eg ikkje. Me bør ha muligheit for god høgare utdanning nær der folk bur; men korleis dette skal organiserast er eg usikker på. Mengden universitet er eg usikker på om er ein nyttig diskusjon.

Kva tenker du er dei viktigaste debattane i akademia dei neste åra?

— Eg trur det kjem til å vere debattar om fusjon og campus lenge enno. I tillegg er styringsform og maktfordeling noko som neppe vil ligge daudt.

I kor stor grad er det ytringsmot på norske universitet og høgskular?

— Eg trur det varierer veldig. Eg håper, med fokuset ytringsmot har fått siste året, at ein blir bevisst kva som eventuelt skal til for at tilsette skal kjenne seg trygge på å kunne ytre seg. Så er det ytringsvilje og kultur for ytring, som bør jobbast med innad på institusjonane.

Kva gler du deg mest til i sommar?

— Late dagar med familie og venner ved fjell og fjord.

Eg håper å få lese bøker, høyre røvarhistorier og å sove lenge.

Powered by Labrador CMS