Styret på Høgskolen på Vestlandet. Foto: HVL

Styret sa nei til halvopne møte

Openheit. På styremøtet til Høgskulen på Vestlandet, var eit av forslaga at berre nokon av sakane på møtet skulle streamast. Det var ikkje styret einig i.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det skulle berre mangla at me ikkje er godt førebudde og har gode ordskifte, me er eit offentleg styre.

Det sa ein engasjert Gunnar Ytri då styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) diskuterte om styremøta framleis skal sendast direkte – altså streamast. Forslaget til vedtak var at ja, det skal ein, men det vart òg opna for at styret i enkeltsaker, der styret fann det hensiktsmessig, skulle kunne avgrensa direkteoverføringa. Det skriv På Høyden.

Ytri var ein av dei som var kritisk til ei slik avgrensing.

— Eg meiner dette er eit steg i feil retning. Det er viktig for ein fleircampusinstitusjon som vår at alle kan følgja med på alle dei offentlege debattane.

Eg trur ikkje me kan seia at «no har me det litt vondt, no kan me stengja møtet»

Tom Skauge

Kva om salen vert full?

Ytri fekk støtte frå Sissel Johansson Brenna. Ho sa at ho ser at det kan vera greitt å kunne ha ein uformell debatt kring nokre saker.

— Men eg synest det er utfordrande å tenkja på kva som skal til for at enkeltdeler av eit møte ikkje skal verta strøyma. Slik eg skjønar det, snakkar me i utgangsunktet her ikkje om å lukka møta, så det betyr at det vil kunne vera publikum i salen. Då får me altså opne møte, halvopne møte og lukka møte. Det er problematisk.

Cecilie Fredheim var samd:

— Eg er redd for at ein kan oppleva at tilsette og studentar byrjar å reisa til møta, fordi dei tenkjer at styrer stoppar strøyminga i den eine saka dei er interesserte i. Kva skal me då gjera? Det er ikkje plass til veldig mange tilhøyrarar i dette rommet. Eg tenkjer at dersom direktesendinga skal stoppast, så må møtet lukkast.

Spørsmål i lukka rom

Etter ein viss debatt var det nettopp det styret landa på: Dei ønskjer ei moglegheit for å kunne lukka møtet, og viste til både personalsaker, men òg andre saker som til dømes kan handla om forhandlingar eller forretningsinteresser.

— I løpet av den perioden eg har site i styret har det vore eit par gongar der eg har sakna å kunne stilt nokre spørsmål i eit meir lukka rom. Eg trur ikkje eg ville fått ærlege svar på dei her – fordi møtet vert videooverført. Samstundes er det noko problematisk i å seia at me skal ha opne møte – men likevel lukka under enkeltsaker. Eg trur likevel det er eit verkemiddel me bør ha, men vera varsame med å bruka, sa Aina Berg.

For kva skjer dersom ein ikkje får svar i møtet? Lagar ein då eigne møteplassar der ein diskuterer? Tom Skauge viste til at han fleire gonger har prøvd å senda e-post med forslag til kompromiss i forkant av møta, og fått kjeft.

— Men eg trur ikkje me kan seia at «no har me det litt vondt, no kan me stengja møtet», sa han.

Både Trond Ueland og Kari Kjenndalen var skeptiske til nettopp det Ueland kalla utanommøteverksemd.

— Då er det ei meir ærleg sak at me har denne vesle opningen for å lukka møta. Men det er ei ordning som helst ikkje skal brukast, og i alle fall ikkje misbrukast, sa Ueland.

Redd for uro

I universitets- og høgskulelova heiter det at styret skal halda møte for opne dører. Men det heiter òg at styret kan vedta at anten heile møte eller bestemte saker skal handterast bak lukka dører.

HVL-styret var opptekne av at ein må diskutera kva som er kva.

— Me må sjå på regelverket. Eg ser for meg endelause diskusjonar om det er greitt å slå av kamera eller ikkje, sa Sissel Johansson Brenna.

— Er det saker som er lukka så lukkar me. Elles må møta vera opne. Eit halvt system vil kunne skapa meir uro i organisasjonen, det treng me ikkje, sa Åse Neraas.

Etter at ein var samde om at ein må kunne lukka nokre saker – men då lukka dei heilt, og etter at styreleiar Arvid Hallén hadde sagt at ein skulle få dette med i møtereferatet, samla styret seg om følgjande vedtak:

«Etablert praksis med direkte strømming av styremøter ved Høgskulen på Vestlandet videreføres».

Vidare var ein oppteken av kor lenge opptaket skal vera tilgjengeleg i ettertid. Her vart det vedteke at det skal vera tilgjengeleg for studentar og tilsette fram til protokollen er godkjent frå styret, og rektor Berit Rokne understreka at ein må legga opptaka ein stad der alle som skal ha tilgang, faktisk har det.​

Fakta

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) blei til 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er ein av de største høgskolane i landet, med om lag 16.000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Høgskulen på Vestlandet har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Berit Rokne er rektor og Arvid Hallén er styreleiar.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS