— Kunnskap har aldri vore viktigare
Erna Solberg opna det akademiske året på Universitetet i Bergen denne veka.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Me veit de er eit skattekammer av gode idear, sa statsminister Erna Solberg i talen sin til studentane ved Universitetet i Bergen (UiB), skriv På Høyden.
Nye og gamle studentar var tysdag samla til den årlege opningsseremonien for studieåret i Nygårdsparken. Erna Solberg var som i 2015 gjestetalar.
— De har tatt eit viktig val om å ta høgare utdanning. Eg trur ikkje de kjem til å angra. Noreg treng dykk. Næringslivet treng dykk. Me treng nye idear og kloke hovuder, heldt ho fram.
— Engasjer dykk
Studiestøtta må aukast til minst 140 00 kroner. Då er den på det same nivået som foreldra våre hadde mellom 1977 og 1997.
Håkon Randgaard Mikalsen
Erna Solberg ba studentane om å ha to tankar i hovudet samtidig - og hugsa på å gjera andre ting enn å studera også.
— Ikkje gløym debattar, konsertar eller å dyrka favorittidretten i eit av studentidrettslaga. Prøv å bli kjent med dei du studerer saman med. Før du veit ordet av det er du ein av dei som snakkar om fag på fest også, sa Solberg.
Statsministeren kom også med oppmuntrande ord til dei som var lei regnvêret
— Sjølv om det regnar av og til så tar bergensarane det igjen med ein utruleg sjenerøsitet og energi.
Kunnskap i eit samfunn i stadig endring
Rektor Dag Rune Olsen heldt opningstalen under seremonien - og var opptatt av viktigheita av kunnskap i eit samfunn i stadig endring.
— Aldri har kunnskap vore viktigare. For samfunnet, men også for deg som individ. Uansett fag og studium har de til felles at utdanninga vil gje evne til kritisk tenking og analytiske ferdigheiter. Det er generelle ferdigheiter som de tar med dykk vidare. Å læra korleis ein skal læra er viktig. Det gjer dykk godt rusta til ein framtidig arbeidsmarknad ingen veit detaljane om, sa Olsen.
Meir studiestøtte
Leiar av Studentparlamentet, Håkon Randgaard Mikalsen, nytta høve til å slå eit slag for høgare studiestøtte frå talarstolen.
– Dei fleste av dykk kjem til å få deltidsjobb etter eit par månader, fordi de oppdagar at stipendet ikkje strekk til. Nokre av dykk har kanskje ikkje fått ein plass å bu endå, og ein del har signert leigekontraktar som de ikkje burde ha signert, sa Mikalsen.
Moglegheit til å bruka meir tid på studia, var kravet - til applaus frå publikum.
– Erna, om du skal halda fram med å styra landet, håpar eg du gjev oss moglegheit til å studera på heiltid. Studiestøtta må aukast til minst 140 00 kroner. Då er den på det same nivået som foreldra våre hadde mellom 1977 og 1997, sa Mikalsen.
(Førsteårsstudentane Chubina Kumar (t.v.) og Abhira Sivakumar frå Oslo sakna sola under opningsseremonien i Nygårdsparken. Kumar skal byrja på master i medisinsk teknologi, og Sivakumar skal bli tannlege. – Sidan Bergen er ein mindre by, er studentane synlegare her enn i Oslo - og det verkar lettare å bli kjent med folk, seier dei. Alle foto: Tor Farstad)
— Dyrt med bøker
Før opningsseremonien var det studenttorg på Studentsenteret, kor lag og organisasjonar på UiB presenterte seg for studentane.
Førsteårsstudentane Anette Drabløs (20), Silje Sakshaug (22), Kristense Bjørkhaug (19) var blant studentane som var rundt for å sjå kva Bergen har å tilby. Dei skal alle byrja på bachelor i administrasjon og organisasjonsvitskap.
— Det er veldig spennande. Men dyrt. Me har nett vore og kjøpt bøker. Det kostar 2 900 kroner for bøker i eitt fag. Stipendet kjem ikkje til å vara lenge akkurat, seier Anette.
Dei tre jentene kjente ikkje kvarandre frå før av, men fann raskt tonen på faddervekearrangementa.
— Det klaffa ganske fort. Det er veldig godt å ha nokon å vera med når alt er nytt. Faddergruppa vår er veldig bra. Fadderane er veldig flinke til å inkludera alle og å snakka med alle saman. Me er veldig fornøgde, seier dei samstemte.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!