Kenneth Lynne (HiOA), Oda Nedregård (UiO, BI) og Are Almaas (HiOA) vil legge tilrette for ein enklare studentkvardag. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

HiOA-studentar med ny læringsplattform

Tidlegare studentar ved HiOA lagar ein ny studentportal. Ein av gründarane, Are Almaas, lovar ein enklare studentkvardag. Konkurrenten Fronter tar utfordringa med knusande ro.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei tidlegare dataingeniørstudentane ved Høgskolen i Oslo og Akershu (HiOA), Are Almaas og Kenneth Lynne, opplevde studentkvardagen unødig kronglete med dataverktøyet studentane brukar i kvardagen sin. Dei trekker fram timeplanar som er gøymt vekk i kompliserte mappesystem, at kommunikasjon mellom medelevar skjer via facebook og dokument må bli lasta ned for å kunne sjå innhaldet.

Dette ga dei ideen til Studentportalen.

Enklare studiekvardag

— Vi vil at produktet Studentportalen skal bli ein komplett og brukarvennleg læringsplattform. Studentar skal til dømes ikkje trenge og bruke eksterne verktøy som facebook for å kunne samarbeide med kvarandre, fortel Almaas.

Gründer-duoen ser for seg at ein tidleg testversjon er klar før utgangen av 2013, og at den endelege plattforma er ferdigstilt våren 2014.

Studentar skal ikkje trenge og bruke eksterne verktøy som facebook for å kunne samarbeide.

Are Almaas

Videoforelesingar

Eitt av dei store satsingsområda til Studentportalen, er bruken av videoforelesingar. Tanken her er at forelesingar blir filma og publisert. Almaas ser mange fordelar med dette.

— Dersom ein er sjuk, har vore vekke i frå skulen i lengre periodar, læraren går gjennom vanskeleg stoff, eller om ein ønskjer å repetere pensum før eksamen, kan ein enkelt finne igjen forelesinga og sjå den på nytt, forklarer han. Vidare legg han til at det også er mogeleg å streame forelesinga direkte frå klasserommet til nett.

Dette tilbodet kan også komme elevar i vidaregåande skule til nytte.

— Fordi forelesingane er tilgjengelege for alle, kan kommande studentar ta ein smugtitt på studiet dei interesserer seg for før dei søkjer, seier Almaas.

Sterk konkurranse

Dei sterkaste konkurrentane vert Fronter og Itslearning. I dag er desse dei vanlegaste læringsplattformane på norske skular. Fronter tar utfordinga frå dei to gamle HiOA-studentane med knusande ro.

— Vi har mange konkurrentar allereie og ønskjer nye konkurrentar velkomne, seier Kirsti Rogne, kommunikasjonsdirektør i Fronter.

Vidare fortel ho at dei ikkje har lagt opp til nokon anna strategi enn å halde fram med å vere ein god læringsplattform.

Khrono har foreløpig ikkje fått tak i ein kommentar frå Itslearning.

Almaas meiner at de to store plattforamen som dominerar den norske elev- og studentmarknaden ikkje har fornya seg og heller ikkje har tilpassa seg brukarane sine behov.

Han har stor tru på at Studentportalen vil klare å være nærare studentane og slik ha ei meir fleksibel utvikling, og at dei kan etablere gode og nyskapande løysingar på kort tid. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS