Kortnytt

Student smitta ved UiO

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein ny student ved Universitetet i Oslo har fått påvist koronaviruset. Dette skriv UiO på eigne nettsider. Denne studenten høyrer heime ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.

Fullpakka på universitetsplassen i Oslo. Slik var ikkje semesterstart i år, og no er det meldt om fleire UiO-smitta.

Dei siste vekene har UiO fått beskjed om fire tilfelle av covid-19. To av dei sjuke er studentar, to andre tilsette.

— På ein så stor institusjon som UiO vil det vera smitte og me er opptekne av å setja i gang tiltak for å hindra smitteutbrot. Det kan vera tilfelle der tilsette og studentar er smitta og ikkje har vore på UiO. Då vil det ikkje vera naturleg med tiltak, seier Johan Løberg Tofte, fungerande avdelingsdirektør for HMS og beredskap.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS