FusjonJohann RoppenRasmus StokkeLiv Reidun GrimstvedtMøte på Terminus Foto: Tor Farstad
FusjonJohann RoppenRasmus StokkeLiv Reidun GrimstvedtMøte på Terminus Foto: Tor Farstad

Volda vil fri, men berre til Sogn og Fjordane

Høgskulen i Volda ønskjer å fri til dei i naborommet, altså Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vestlandshøgskulen vil dei ikkje vera ein del av.

Publisert   Sist oppdatert

(Saken blir oppdatert)

Torsdag har alle dei fire høgskulane på Vestlandet styremøte.

Høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund vedtok allereie i februarmøtet at dei ønskjer fusjon med kvarandre og Høgskulen i sogn og Fjordane (HiSF). HiSF gjorde eit vedtak i same retning, men ikkje like klårt, skriv På Høyden.

Nei til dei andre

No er det klart for fusjonsvedtak 2.0. Høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane starta torsdag 10. mars med felles styreseminar. Deretter har dei hatt kvart sitt styremøte. Frå klokka 13 hadde dei felles pause – slik at ein kan snakka saman.

På Høyden har fulgt Høgskulen i Volda sitt møte. Der er tendensen heilt klår: Styremedlemmene seier ja til Sogn og Fjordane, og nei til resten av Vestlandet.

— Styret bør senda ein invitasjon til HiSF om at ein vil gå i forhandlingar med dei, sa Endre Brunstad.

Han er ekstern representant i styret, og professor i nordisk språkvitskap ved UiB.

— Summen av Sogn og Fjordane og Volda er veltilpassa arbeidslivet og samfunnslivet på nordvestlandet og ville ha styrka forskningsinnsatsen vår, sa ekstern representant Kristin Marie Sørheim.

Positiv direktør

Høgskuledirektør Jakob Kjøde hadde lagt saka fram utan framlegg til vedtak. Men han avslørte i møtet at han òg er positiv til ein fusjon med HiSF. Det same kan det verka som om rektor Johann Roppen er. Han gjekk til val på ei sjølvstendelinje. Men sjølv om han opnar døra for HiSF er han ikkje sikker på om det vil verta ein fusjon.

— Før styreseminraet i dag var det mange av oss som trudde at HiSF hadde retning mot vestlandshøgskulen. Eg er ikkje så sikker på om dei er så sikre lenger. Me må ta inn over oss at intern splitting kan vera argument som vil slå inn i ei fusjonsforhandling, og det er ikkje sikkert ein nokon sinne kjem i mål, sa Roppen.

Han fekk spørsmål om åleinegang er eit alternativ. Eller om det kan verta ein konsekvens.

— Å stå som sjølvstendig trur eg er det som gjer at me i størst grad klarar å fylla vårt samfunnsoppdrag. Fusjonar set samfunnsoppdraget i fare. Eg trur at ein fusjon med HiSF er minst farleg for utøvinga av samfunnsoppdraget, sa Roppen.