Høgskulebesøk

Statsminister Solberg på valkampbesøk i Volda

Erna Solberg er den første sittande statsministeren på 43 år som har besøkt Høgskulen i Volda.

Simone Honstad Tafjord (t.v.) deler av erfaringane som student ved PR, kommunikasjon og medielinja ved Høgskulen i Volda. Dekan Kate Kartveit og statsminister Erna Solberg er lydhørt publikum.
Simone Honstad Tafjord (t.v.) deler av erfaringane som student ved PR, kommunikasjon og medielinja ved Høgskulen i Volda. Dekan Kate Kartveit og statsminister Erna Solberg er lydhørt publikum.
Publisert Oppdatert

Valkampen er for alvor i gang og søndag avslutta statsminister Erna Solberg ei rundreise i Møre og Romsdal med eit besøk til Høgskulen i Volda.

Solberg er med det den tredje sittande statsministeren som har besøkt høgskulen, ifølgje rektor Johann Roppen. Og det er 43 år sidan førre statsministerbesøk — i september 1978 var Odvar Nordli på besøk.

I Volda fekk statsministeren blant anna sjå det snart innflyttingsklare mediebygget, Sivert Aarflot-huset.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Innflyttingsklart til semesterstart

— Her skal mellom anna 500 mediestudentar få boltre seg i flotte lokale med ypparleg utstyr og moglegvis den finaste utsikta eit nyheitsstudio kan ha, fortalte dekan Kate Kartveit, ifølge ei sak på høgskulen sine heimesider.

"Svevande" redigeringsrom, radio- og tv-studio, mingleareal og det siste innan utstyr er berre noko av det mediestudentane kan gle seg til når det nye mediehuset opnar dørene til semesterstart.
"Svevande" redigeringsrom, radio- og tv-studio, mingleareal og det siste innan utstyr er berre noko av det mediestudentane kan gle seg til når det nye mediehuset opnar dørene til semesterstart.

— Vi har ikkje lov å kalle det Norges finaste mediehus, så då har vi kalla det verdas finaste mediehus, supplerte rektor Roppen.

Bygget opnar dørene for studentane til semesterstart.

Direktør Karen Lomeland Jacobsen nytta også høvet til å takke for dei 10 millionar kronene regjeringa nett løyvde til ombygging av Hans Strøm-huset, som mediefaga no flyttar ut av.

I tillegg til husomvising på campus, fekk statsministeren også møte fleire studentar og representantar frå kultur- og næringsliv i Volda.

Powered by Labrador CMS