HVL vil ta plassen som høgskulen for nynorsk
Språk. Med nye språkpolitiske retningslinjer vil Høgskulen på Vestlandet ta ansvar for meir, betre og klarare norsk fagspråk.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Om styret vedtek desse retningslinjene vil Høgskulen på Vestlandet vere den fremste i landet på dette området, lova seniorrådgivar Georg Arnestad, som har leia arbeidet med språkpolitikken til HVL, skriv På Høyden.
Både nynorsk og klårt
Og kort tid etter fekk han heile styret med seg på ein ny språkpolitikk, der dette er nokre av punkta:
Ein stor vestlandshøgskule blir viktig for utviklinga av nynorsk, og av norsk fagspråk generelt.
Georg Arnestad
- HVL skal ha ein tydeleg nynorsk profil, og bruke eit levande og godt nynorsk språk.
- Høgskulen vil òg ta ansvar for å utvikle eit «godt og høveleg norsk fagspråk» i dei faglege hovudområda til HVL.
- HVL skal og nytte eit godt og klårt språk.
- Tilsette og studentar står fritt til velje målform.
- HVL skal og styrke kunnskap om engelsk som parallelt fagspråk
- Eit språkpolitisk utval skal følgje opp gjennomføringa av retningslinjene
For Arnestad har det vore ei glede å leie arbeidet med språk, som er ein viktig del av identiteten på Vestlandet.
— Det har vore kjekt å leie dette utvalet. Å styrke nasjonalspråka si stilling i akademia er særleg viktig for oss på Vestlandet. Dei retningslinjene vi no har laga er eit verktøy, laga av entusiastar. Det verkelege arbeidet startar først etter styrevedtaket, seier han.
— Eg tykkjer at dette er stas! Språk er det viktigaste vi har for å gjere oss forstått, og det vi formidlar med, sa styrerepresentant Gunnar Yttri.
Mot akademisering
Gruppa som har jobba fram språkpolitikken har òg diskutert akademisering av språket når høgskular blir universitet.
— Eg er til dømes bekymra for den raske akademiseringa av sosialarbeidar- og helseutdanningane. Ein har ikkje klart å utvikle eit norsk fagspråk, men støttar seg heller på engelsk. Det står i utgreiinga vår at vi vil leggje særskilt til rette for norsk fagspråk i dei ulike utdanningane, seier Arnestad til På Høyden.
— Kor viktig ventar du at HVL blir for nynorsken framover?
— Vi blir veldig viktige, som den einaste nynorske høgskulen saman med Høgskulen i Volda. Ein stor vestlandshøgskule blir viktig for utviklinga av nynorsk, og av norsk fagspråk generelt.
Høgskulen i Volda-rektor Johann Roppen let seg ikkje skremme av at det kjem eit stort, nytt tre i nynorskens skog:
— Det er god plass i nynorskklassa! Det hadde vore kjempefint om fleire enn Høgskulen i Volda får kjeft frå Språkrådet for å ha brukt for mykje nynorsk, seier Roppen til På Høyden.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!