spionasje
Spionsikta innrømmer at han er frå Russland
Den spionsikta gjesteforskaren kalla seg José Assis Giamarra frå Brasil. No innrømmer han ifølgje PST at han er russisk og heiter Valerijevitsj Mikusjin (45).

Gjesteforskaren ved UiT – Noregs arktiske universitet vart før eit fengslingsmøte 6. desember for første gong registrert med sitt eigentlege namn.
Det er VG som melder dette.
— Han er erkjenner namnet sitt. Men det hadde vi relativt klare bevis for uansett, seier politiadvokat Per Niklas Hafsmoe i PST til VG.
PST var tidleg i etterforskinga i kontakt med Russlands ambassade og delte det russiske namnet til den sikta gjesteforskaren med mål om å få stadfesting eller avkrefting. Den gongen fekk PST ikkje svar.
No har PST sendt eit nytt brev til ambassaden.
— Vi er spente på å sjå om ambassaden gir til kjenne at Mikusjin er den han hevdar, seier Hafsmoe.
VG har spurt ambassaden om kommentar. Svaret er at dei ikkje har opplysningar om at José Assis Giammaria har russisk statsborgarskap.
Den spionmistenkte mannen vart pågripen i Tromsø 24. oktober 2022 på veg til jobben på Senter for fredsstudier ved UiT.
Fire dagar seinare vart han sikta etter straffelovens paragraf 121 for ulovleg etterretning. PST meiner han er ein såkalla illegalist.
Nyeste artikler
«En for alle og alle for en»-pakt for universiteter mot Trump
Saksøker universitetet etter KI-utestengelse
Det han såg som lektor vart utgangspunkt for doktorgraden
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Ny studie: Gollum lever — i akademia
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære
Etikkutvalg: «Stipendiaten er berettiget en unnskyldning fra veileder»