Kunstnaren Newton laga eit spontant gatekunstverk då Frank Aarebrot gjekk bort. Det finst no som bilete inne hos Det samfunnsvitskapelege fakultetet ved Universitetet i Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand

Søndag kveld skal professor Frank Aarebrot minnast

Aarebrot-førelesinga. Professor Jørn Øyrehagen Sunde held årets Aarebrot-førelesing i Bergen søndag kveld. Førelesinga skal hylla professor Frank Aarebrot, som gjekk bort i 2017. Lenke til førelesninga finn du er.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Søndag 19. januar hadde professor Frank Aarebrot fylt 72 år. Slik gjekk det ikkje, han døydde i september 2017. Men på det som er Aarebrot sin fødselsdag arrangerer Universitetet i Bergen Aarebrot-førelesinga.

FAKTA

Frank Henrik Aarebrot (1947-2017)

  • Norsk statsviter og professor ved Universitetet i Bergen
  • Oppvokst på Kronstad i Bergen
  • Tok artium ved Langhaugen gymnas i 1966
  • Cand.polit. i 1976 med hovedfag i sammenlignende politikk ved UiB
  • Ansatt ved Institutt for sammenlignende politikk fra 1977
  • Forsket på nye demokratier og demokratisering, valganalyse og metodikk, europeisk integrasjon og viet mye tid til forskningsformidling.
  • Er i Norge kanskje mest kjent som politisk kommentator og valgekspert.
  • Vant i 2007 Morgebladets kåring over landets mest siterte forskere.
  • Holdt sin siste forelesning ved UiB i april 2017.

Kilde: Wikipedia, SNL

— Me skal minnast og feira Aarebrot. Han var ein fantastisk formidlar, og førelesinga er ein hyllest til den munlege formidlinga og førelesingstradisjonen, seier prorektor Margareth Hagen.

Førelesinga byrjar klokka 19. Dørene til universitetsaulaen opnar klokka 18, og det er ikkje mogleg å få billettar på førehand.

Du kan sjå førelesinga direkte på strøyming hos UiB her frå kl 1900.

Rettshistorie på 200 minutt

Det er jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde som skal halda årets førelesing. Tema er tusen år med rettshistorie på 200 minutt. Sunde skal trekka linjer frå mellomalderen, via Magnus Lagabøtes lover og deretter til riksrettssak mot Donald Trump og NAV-skandalen, kjem det fram i ei pressemelding.

Eg prøver å vera nyansert og inkluderande, slik at ein treng berre vera allment interessert for å kunne forstå.

Jørn Øyrehagen Sunde

Men formidlinga skal vera slik at alle kan forstå. Hagen legg vekt på at Aarebrot-førelesinga skal legga vekt på den munnlege formidlinga.

— Me er så digitale og tek berre imot fragment, seier ho.

— Er det mange nok i Noreg som er så gode formidlarar at dei kan halda ei slik lang, førelesing?

— Det trur eg det er. Men me kunne gjerne hatt fleire.

Professor Bernt Hagtvet hadde den første Aarebrot-førelesinga hausten 2018. Aarebrot var kjend for sine føredrag på akkurat 200 minutt, som vart sendt på NRK. Difor er også minneførelesinga så lang.

— Ei ære

— Eg vart kjempeglad då eg fekk spørsmålet. Det er ei stor ære, seier Sunde. Det sa Jørn Øyrehagen Sunde då det vart kjent at det er han som skal halda årets Aarebrot-førelesing.

Jørn Øyrehagen Sunde. Foto Hilde Kristin Strand

— Eg førelas saman med Aarebrot ein gong, og eg har stor respekt for han. Mange prøver å anten underhalda eller vera strengt saklege når dei skal førelesa, men Aarebrot skapte eit rammeverk der dei som høyrde på kunne nytta sin eigen kunnskap, sa Sunde.

Han sa òg at han er redd for at 200 minutt er hundre minutt for lite.

På scena stiller han utan manus.

— Eg er dyslektikar og har lært meg teknikkar for å hugsa. Og meir enn å bruka mykje tid på å skriva ned det eg skal seia, brukar eg mykje tid på å tenkja. Eg tenkjer på føredrag eg skal halda til dømes når eg går til fjells eller når eg vaskar opp. Og eg har vore gjennom Aarebrot-førelesinga fleire gonger allereie, sa han i fjor haust.

— Kven er målgruppa for føredraget?

— Eg snakkar heilt likt om eg er i eit lokalt historielag eller i vitskapsakademiet. Det same gjorde Aarebrot. Eg prøver å vera nyansert og inkluderande, slik at ein treng berre vera allment interessert for å kunne forstå, sa Sunde.

Powered by Labrador CMS