6-5 for fusjon i styret på Sogn og Fjordane
Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sa i dag ja til fusjon, med knappast mogleg fleirtal.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Saken blir oppdatert.
Torsdag var ein skjebnedag for høgskulane på Vestlandet. Dei tre styra ved Høgskulen i Stord/Haugesund, Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde parallelle styremøte, skriv På Høyden.
Dei tre høgskulane hadde alle styrepapir som tilrådde fusjon. Dersom alle dei tre styra sa ja, ville Høgskulen på Vestlandet bli ein realitet 1. januar 2017.
I Bergen og Stord/Haugesund var styrene klare for ein fusjon. I Sogn og Fjordane satt beslutningen langt inne.
Med knappast mogleg fleirtal, 6-5 stemmer, blei det ja til fusjon også i Sogn og Fjordane.
Stokke er letta
Etter eit dramatisk møte ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, der det lenge var uklart om nei-sida eller ja-sida ville få flest stemmer, var det klart at også dette styret hadde fleirtal for fusjon.
— Eg er letta og glad. Eg var budd på at det kunne kome til bli fleirtal mot fusjon, seier rektor Rasmus Stokke til På Høyden.
Dramatisk før votering
Fleire i styret hadde på førehand signalisert kva dei ville stemme. Kva styremedlem Jan Olav Fretland ville kome til å stemme i møtet, var lenge usikkert. Han ville vere den som avgjorde valet, ettersom nei-sida og ja-sida talte like mange personar. I eit innlegg signaliserte Fretland at han halla mot eit ja, men ønska tid med dei interne styremedlemmane samt studentrepresentantane.
Etter ein pause kunne Fretland melde at han ville gje si tilslutning til fusjonen. Dermed vart fusjonen sikra, med knappast mogleg fleirtal.
Dei fem som stemte mot var Inger Auestad, Åse Neraas, Magnus Brøste, Oddmund Hoel og Trine Ludvigsen Rygg.
— Mange fellestrekk
— Vi fusjonerer fordi vi har mange fellestrekk og gode føresetnader, men også fordi vi har styrker og særtrekk som samla sett vil gje eit endå betre tilbod til landsdelen, seier dei tre styreleiarane Trond Ueland (HiSF), Liv Reidun Grimstvedt (HSH) og Ole-Gunnar Søgnen (HiB), i ei pressemelding.
Høgskulen på Vestlandet skal bli både fagleg sterk og innovativ, og bli blant dei beste innan store profesjonsutdanningar som lærar-, helse- og ingeniørutdanning. Den nye høgskulen har ein klar ambisjon om å bli eit landsdelsuniversitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil, og vil prege utviklinga av Vestlandsregionen.
Nynorsk hovudmålform
I pressemeldinga skriv dei at Høgskulen på Vestlandet skal ta utgangspunkt i og byggje vidare på hovudtrekk ved vestlandsk kultur, næring og tradisjonar. Difor vert nynorsk hovudmålforma for den nye institusjonen. Rektor får hovudarbeidsplass i Bergen, og prorektorane skal ha sete i og ansvar for sin nærregion.
Høgskulen på Vestlandet skal ha felles utdanningsløp og gjennomgåande leiing, og slik sikre at ein arbeider på tvers av fag og geografi. Høgskulen vil få fem studiestader frå Sogndal og Førde i nord til Stord og Haugesund i sør.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!