Kortnytt

Smitte i studentbustad i Alta

Publisert

Ein student som bur i ein av Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT) sine studentbustader i Alta har fått påvist koronaviruset. Fleire andre studentar er sett i karantene. Dette skriv iFinnmark.

Vaska hender, halda avstand. Det må ein nok halda på med ei stund til.
Vaska hender, halda avstand. Det må ein nok halda på med ei stund til.

Studentsamskipnaden vaskar no ned aktuelle område. Ifølgje Altaposten skal den smitta studenten ha vore saman med andre i fellesområde. UiT oppmodar studentane om å følgja gjeldande smittevernreglar.

Alta har hatt fleire smittetilfelle etter nyttår, og har òg for tida 30 personar som bur på karantenehotell.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS