Campus rauland, USN

Slik lukkast den minste campusen i Noreg med «operasjon korona»

Samfunnet stengde ned og studentane valfarta frå dei store byane til heimstadene sine. Men i fjellbygda Rauland blei alle verande.

Studentane Astri Sofie Heen (22) og Haavard Lund Sunde Løftingsbakken (28) angrar verken på at dei valde Rauland som studiestad eller at dei blei verande i den vesle fjellbygda då samfunnet stengde ned i vår. På Rauland føler dei seg trygge.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Rauland (Khrono): — Det var ikkje enkelt, fastslår instituttleiar Stian Roland.

Campus Rauland, er ein av dei åtte studiestadene til Universitetet i Søraust-Noreg, og den minste campusen i landet, målt i studenttal.

Fakta

Universitetet i Søraust-Noreg, campus Rauland

  • I 1994 blei Telemark lærarhøgskule på Rauland ein del av Høgskolen i Telemark (HiT). I 2016 fusjonerte HiT med Høgskolen i Buskerud og Vestfold og blei til Høgskolen i Søraust-Noreg. 4. mai 2018 fekk høgskulen universitetsstatus.
  • Campus Rauland og Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk er samlokalisert med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet.
  • 10 ulike studieprogram. Tilbyr både bachelorprogram, masterprogram og doktorgradprogram.
  • Ca 80 heiltidsstudentar, i tillegg til 35 deltidsstudentar. 25 tilsette, nokre av dei i deltidsstillingar.

    Kjelder: Universitetet i Søraust-Noreg, Wikipedia

12. mars 2020 måtte campus Rauland, i likskap med resten av utdanningssektoren i Noreg, stenga ned. Utfordringane i kø.

Instituttleiar Stian Roland fortel om korleis campus Rauland takla nedstenginga av samfunnet.

— Det er det ingen tvil om. Alle studieprogramma på Rauland er avhengige av fysisk nærvære. Det var ikkje berre å senda heim studentane og seia «følg med på Zoom». Me måtte vera kreative. Veldig kreative, understrekar Roland.

Studentane trivast

Khrono vitjar Rauland ein vakker haustdag i midten av september. Studentane, om lag 120 i talet, er tilbake på campus. Haavard Lund Sunde Løftingsbakken (28) og Astri Sofie Heen (22) har teke plass i solveggen på vestsida av campus.

Førstnemnde studerer instrumentmaking på andre året, medan Heen er i gong med det andre året på tekstilstudiet. Dei har aldri angra på at dei flytta til Rauland for å studera.

— Eg kunne ikkje tenkt meg å vera nokon annan stad i verda, seier Løftingsbakken.

— Det er herleg å bu her. Sjå rundt deg, då, repliserer Heen.

Astri Sofie Heen studerer tekstil.

Blei stressa då alt stengde ned

— Det at me er såpass små, gjer det enklare å ha eit samla miljø. Ein blir godt kjend med dei fleste. Me som studerer her er interessert i veldig mykje forskjelleg, seier Løftingsbakken.

Heen skryt over det tette og nære studentmiljøet.

— Det er alltid noko som skjer her. Me arrangerer studentkveldar med brettspel, yoga, hesteriding, handverksarbeid, grilling og andre aktivitetar.

— Korleis var det då alt måtte stengast ned i mars?

Haavard Lund Sunde Løftingsbakken studerer instrumentmaking.

— Det var stressande, men me fekk låna utstyr frå skulen, og så måtte me tilpassa arbeidskrava til situasjonen me var i. Sjølv om det heile var litt kjipt, synest eg det blei handtert bra, svarar Heen.

— Det var ingen ideell situasjon, men me fekk låna både utstyr og arbeidsrom, i tillegg til at me hadde ganske grundige gjennomgangar via Zoom, svarar Løftingsbakken.

— Eit vanskeleg val

Inne på ein av verkstadene treff me 22 år gamle Birgit Haukås. Ho har akkurat fullført ein bachelor i folkemusikk, og er no i gong med tredje semesteret i instrumentmaking.

— Eg held på å laga ei hardingfele. Planen er at ho skal vera ferdig til jul, seier Haukås, som vedgår at det kan bli nokre lange ettermiddagar og kveldar på verkstaden.

Birgit Haukås valde i likskap med det fleste andre studentane på Rauland å bli verande på studiestaden då samfunnet stengde ned i vår.

— Me likar oss veldig godt, kjem det frå 22-åringen.

Både Haukås, Løftingsbakken og Heen valde å bli verande på Rauland då koronapandemien velta innover Noreg i byrjinga av mars. Det same valet tok også dei aller fleste andre studentane ved campusen, også dei utanlandske.

Instituttleiar Stian Roland trur at måten campusen angreip situasjonen på, var avgjerande for at folk blei verande.

— Det var nok uansett eit vanskeleg val for mange, reflekterer Roland.

— Ekstremt lite fråfall

Då alt stengde ned, var det gjennom tett dialog med leiinga ved Universitetet i Søraust-Noreg og ikkje minst medarbeidarane på Rauland for å planlegga korleis dei skulle takla utfordringane som dukka opp. Løysinga blei mellom anna å låna ut utstyr, som til dømes høvelbenkar og symaskinar, til studentane.

— Studentane fekk ta med seg maskinar heim og den teoretiske delen av undervisninga føregjekk digitalt, fortel Roland.

Store deler av Campus Rauland er for tida under ombygging. Prosjektet skal ferdigstillast våren 2021, og vil gi heile studiestaden eit stort løft, ifølge Stian Roland.

Han poengterer vidare at det låge studenttalet også gav administrasjonen, studierettleiarane og ei fagansvarlege moglegheita til å gå i dialog med kvar einskild student.

— Me fokuserte på moglegheitene heller enn avgrensingane, og opplevde ekstremt lite fråfall. Me kan telja på ei hand talet studentar som ikkje fekk fullført eksamen før sommaren, fortel Roland, som såleis har god grunn til å kalla «operasjon korona» på Rauland for vellukka.

— Ja, det føler me så absolutt at me kan, fastslår instituttleiaren.

Fakta

Rauland

  • Var ein eigen kommune i gamle Telemark fylke fram til samanslåinga med Vinje kommune i 1964.
  • I heile Vinje kommune er det 3750 fastbuande. Om lag 1500 av desse bur i raulandsområdet. I sjølve Rauland sentrum, som heiter Krossen, bur det om lag 500 fastbuande.
  • På kartet ligg Rauland plassert ved foten til Hardangervidda, og om lag 80 prosent av området raulandsområdet ligg over 800 meter over havet.

    Kjelder: VisitRauland, SNL, Wikipedia, Universitetet i Søraust-Noreg

Tek forholdsreglar

Om vegen vidare seier Roland at koronasituasjonen slik han er no, ikkje gjer at studieopplegget på Rauland må endrast noko særleg frå slik det er i ein normal situasjon.

— Med tanke på at me er færre enn 200 menneske her, også inkludert dei tilsette, så har me jo faktisk lov til å samla alle under eitt og same tak. No skal det seiast at me sjølvsagt prøver å unngå det, og at me tek forholdsreglar også her, understrekar Roland.

Han dreg fram danseundervisninga som eit eksempel på korleis ein enkelt kan tilpassa seg situasjonen.

— Me vil leta det gå litt tid no etter at folk har vore borte frå Rauland, men i slutten av september vil me danna dansekohortar på fire og fire som skal følgja kvarandre framover, fortel Roland.

Velkommen til Universitetet i Søraust-Noreg, campus Rauland. Ved inngangen står statuen av den norske folkemusikaren og forskaren Rikard Berge (1981-1969), som var fødd og oppvaksen på Rauland.

Fryktar korona

Det er ingen internasjonale studentar på Rauland dette semesteret.

Ifølge Stian Roland er campusen den i Noreg med høgst prosentdel utanlandske studentar, og det går mange år mellom kvar gong ikkje alle dei tidlegare 19 fylka i Noreg er representert ved studiestaden.

Med mykje tilreisande studentar, som i sommar har vore borte frå Rauland, er risikoen til stades for at eit smittetilfelle etter kvar kan dukka opp også på her.

— Me fryktar jo det, men samstundes går me ikkje rundt og er redde. Me må vera førebudde på alt. Erfaringane me gjorde oss i vår gjer at me har klart eit system og ein beredskap som fungerer godt dersom me skulle oppleva ei ny nedstenging, slik dei til dømes har opplevd i Bergen, seier Roland.

Powered by Labrador CMS