universtitetet i bergen
Skal ha korona-styremøte
Styret ved Universitetet i Bergen skal ha ekstraordinært møte for å diskutera problemstillingar knytt til korona-utbrotet.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Måndag skal universitetetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) samlast på den digitale plattforma Teams for å ha ekstraordinært styremøte.
Møtet vert strøyma, og du kan sjå det direkte her:
På dagsorden står tre saker:
S 30/20 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID-19)
S 31/20 Midlertidig forskrift om tillegg til grads- og studieforskriften - Tiltak knyttet til koronaviruset
S 32/20 Muntlig orientering om prosessen med utlysning av stilling som universitetsdirektør
Ei veke inn i krisa
— No er me ei veke inn i koronakrisa. UiB har stengt campus og lagt om undervisninga. Universitetsstyret er det øvste organet vårt, og skal få ei orientering om kva utfordringar me har møtt, og korleis dei er handtert.
Det seier rektor Dag Rune Olsen, som sjølv sit i heimekarantene etter ei utanlandsreise.
Styret vert orientert om dei tiltaka UiB har sett i gang, mellom anna arbeidet med å henta heim tilsette og studentar frå utlandet. Det vert òg skildra korleis det er lagt til rette for at tilsette skal arbeida heimefrå, og at det er kjøpt inn nye, berbare datamaskiner.
Me vil òg orientera om korleis redusert tilgang til campus påverkar forskinga vår.
Dag Rune Olsen, rektor UiB
Tenkjer mot studiestart
Rektor har, på fullmakt, fastsett ei ny forskrift om opptak og vurdering. Der heiter det mellom anna at studentar som manglar forkunnskapskrav hausten 2020 likevel kan få halda fram med studiet sitt, og at studentar som av grunnar knytt til korona-utbrotet ikkje kan få gjennomført praksis, likevel skal kunne få vurdering i emnet. Denne forskrifta skal styret handsama.
— Me vil òg orientera om korleis redusert tilgang til campus påverkar forskinga vår. Men det er ikkje eit akutt problem, seier Olsen.
Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, har sagt at UiB no legg til rette for at alle eksamenar dette semesteret skal gjennomførast digitalt, og som heimeeksamen. Campus er i utgangspunktet stengt fram til 26.mars, men helseminister Bent Høie har sagt at perioden kan verta utvida.
— Me legg planar heilt fram til sommaren, og må òg snakka om korleis studiestart i august kan verta, seier Olsen.
— No skal universitetsstyret få testa det alle andre driv med; digitale møte. Det kan kanskje verta spanande?
— Lat oss håpa at det ikkje vert det, humrar Olsen.
Nylige artikler
Fire av ti studenter er bekymret for utveksling. — Reglene endres hele tiden
Svensk utvalg vil la studenter slippe å skrive oppgave
30 grader på kontoret. — Nå gir jeg opp
Trump langet ut mot dommeren: — Hun er en total katastrofe
Om menneskespråk og språkteknologi
Mest leste artikler
Klamt og kleint på LinkedIn
Vi drukner i verdiløse publikasjoner
Etter seks år er London dyttet ned fra tronen. Nå er dette verdens beste studentby
Reagerer på framstilling av mannlige studenter:— Hersketeknikk
Student tapte i retten — får ikke gjennomføre praksis i sykepleierstudiet