styremøte

Skal drøfte draumen om å bli universitet 

I tillegg til å bestemme kven som blir prorektor, skal styret ved Høgskulen på Vestlandet drøfte planane om å bli universitetet.

Styreleiar Arvid Hallén har planane om å bli universitetet på bordet når styret ved Høgskulen på Vestlandet møtes digitalt denne veka.

På ei knapp saksliste er det truleg diskusjonen om universitetsframtida som vil ta det meste av tida når styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) møtes digitalt torsdag.

Følg styremøtet direkte frå kl. 10.00

«Tema for seminaret er universitetsambisjonen til Høgskulen på Vestlandet og kva element som inngår i ein universitetssøknad til NOKUT», heiter det. Det er elles ingen vedlegg til saka.

HVL hadde ambisjonar om å sende søknaden om å få bli universitet i slutten av 2023 eller i starten av 2024. I august melde HVL-leiinga at dei ville utsetje søknaden, og sende innan sommaren 2024.

På styremøtet torsdag vil det også bli klart kven som blir ny prorektor på høgskulen. Åtte namn stod på søkarlista då ho vart offentleggjort i august.

Powered by Labrador CMS