Kortnytt

Samarbeider om meir nynorsk leksikoninnhald

Publisert Oppdatert

Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon går saman om meir nynorsk leksikoninnhald på nettet frå 2021. Det nynorske nettleksikonet Allkunne blir integrert i Store norske leksikon, eit samarbeid som styrkjer nynorsk kunnskapsformidling, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Ved å samarbeide i staden for å konkurrere har dei to institusjonane mål om å styrkje norsk fagspråk. Styra i begge organisasjonane er samrøystes og entusiastiske for samarbeidet.

— Avtalen gjer at fleire lesarar får tilgang til viktig innhald på nynorsk og om nynorsk kulturhistorie, uttaler styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm i pressemeldinga.

— Store norske leksikon styrkjer seg med dette som nasjonalt leksikon. Det er sjølvsagt for oss og medlemene våre at begge dei norske skriftspråka vert styrkte som fagspråk, og vi er glade for å gje dei mange lesarane av Store norske leksikon meir nynorsk, uttaler styreleiar i Store norske leksikon, Knut Olav Åmås.

Store norske leksikon har frå før av artiklar på både nynorsk og bokmål, og om mange ulike emne. Med dette samarbeidet kjem fleire artiklar på nynorsk, og nye emne og personar som ikkje har hatt artiklar, vert dekte.

— Vi er glade for å kunne gjere mykje av det kvalitetsinnhaldet som har vore på Allkunne, tilgjengeleg for eit breiare publikum, seier sjefredaktør I Store norske leksikon, Erik Bolstad.

(Joar Hystad / Khrono)

Powered by Labrador CMS