Vetle Nikolai Lundsvoll, leiar i studentrådet <span class="caps">BIFART</span> (Bioingeniør, Farmasi, Radiografi og Tannteknikk), fortel at studentane føler seg så langt som tilskodarar til saken om samanslåing av dei to institutta på helsefag. No forventar dei å bli meir involvert. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Vetle Nikolai Lundsvoll, leiar i studentrådet BIFART (Bioingeniør, Farmasi, Radiografi og Tannteknikk), fortel at studentane føler seg så langt som tilskodarar til saken om samanslåing av dei to institutta på helsefag. No forventar dei å bli meir involvert. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Helsefagleg samanslåing

Radiografane og tannteknikarane kan bli slått saman med farmasøytar og bioingeniørar. Studentane vil bli høyrt betre.

Publisert   Sist oppdatert

Fakulteta ved høgskulen må organiserast slik at dei understøtter arbeidet med å etablere og sikre robuste fagmiljø og forskingsbaserte utdanningar. Det er det klare signalet frå den sentrale høgskuleleiinga, og dermed grunnen til at Fakultet for helsefag (HF) vurderer ei samanslåing av Institutt for farmasi og bioingeniørfag (FB) og Institutt for radiografi og tannteknikk (RT). Fakultetsleiinga meiner at fagmiljøet på radiografi og tannteknikk er for lite og sårbart.

Studentrådet vil bli høyrt

Leiar i studentrådet BIFART (Bioingeniør, Farmasi, Radiografi og Tannteknikk), Vetle Nikolai Lundsvoll, ventar å bli meir involvert i planane om samanslåing. Så langt har studentane vore tilskodarar.

— Vi studentar er så vidt eg kjenner til ikkje høyringsinstans når arbeidsgruppa sin rapport no er på høyring ute hjå dei aktuelle institutta. Men vi ønskjer å vera med å påverke korleis ei slik samanslåing kan gjerast så positiv som mogleg for oss studentar, seier han. Og trur dette vil vere ei stor endring for studentane.

 Eg trur studentane vil vera splitta i synes på om til dømes samkjøring av undervisning i basisfaga er til det beste for studentane sjølve. Vi er genuint opptekne av at kvaliteten på utdanningene skal kome styrka ut av ei samanslåing, seier BIFART-leiaren.

Fagleg fordel av samanslåing

Ei arbeidsgruppe peiker m.a. på faglege fordelar som samkøyring av undervisning, undervisning på tvers av utdanningene og tverrfaglege studentprosjekt samt organisatoriske fordelar som kan gi betre kvalitet i utdanningene og auka studiepoengproduksjon, som konsekvenser av ei samanslåing. Ifølgje fakultetsleiinga går ikkje diskusjonen no første og fremst på om dei skal slå saman institutta, men om korleis dei bør bli organiserte.

— Eg er svært godt nøgd med den jobben arbeidsgruppa har gjort så langt, seier dekan ved Fakultet for helsefag, Nina Waaler, og poengterer at arbeidsgruppa har gjennomført ein bra prosess og hatt god involvering av dei tillitsvalde. 

— Vi er no inne i ein fase der tilsette kan kome med tilbakemeldingar og innspel, seier Waaler.

Økonomiske utfordringar

Ei av dei negative konsekvensane ved ei samanslåing er at begge institutta har utfordringar med nedbetaling av underskot frå tidlegare Avdeling HF. Desse underskota vil dei måtte bæra med seg vidare inn i eit felles institutt. Dei fire utdanningane det her er snakk om, er kostnadskrevjande utdanningar som krev laboratorier, andre spesialrom og kostbart undervisningsmateriell og utstyr.

Ei eventuell samanslåing betyr at det nye instituttet blir det 3. største instituttet ved helsefakultetet målt i talet på tilsette, men nest minst med omsyn til talet på studentar. Årsaka til dette er at studia inneheld mykje laboratoriebasert og rettleiingskrevjande undervisning med tett oppfølging frå rettleiar/instruktør.

Styresak sannsynleg i haust

Samanslåing av FB og RT er ingen hastesak for fakultetet, men planen er at saken skal opp i høgskulestyret i haust. Det kan likevel gå 1-2 semester før samanslåinga blir ein realitet, fordi prosessen må sjåast i samanheng med andre prosjekt ved fakultetet, seier Waaler.

— Vi har òg ein jobb å gjera med å rekne på økonomien rundt dei ulike organisasjonsmodellane arbeidsgruppa har skissert. I tillegg til faglege omsyn, handlar dette også om korleis Fakultet for helsefag skal forvalte ressursane sine, avsluttar dekan Nina Waaler.