Professor Per Halse blir vikar for direktøren som skal ut i svangerskapspermisjon ved Høgskulen i Volda. Foto: SKjalg Bøhmer Vold

Tidlegare rektor vikar som direktør

Vikar. Tidlegare rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda skal vikariere som høgskuledirektør.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Per Halse var rektor ved Høgskulen i Volda frå 2011-2015. No er professoren tilsett som vikar som høgskuledirektør i tida Karen Lomeland Jacobsen har permisjon, ifølgje ei melding på Høgskulen i Volda sine heimesider.

Per Halse, som til vanleg arbeider ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, meiner Høgskulen i Volda er ein svært viktig institusjon i regionen.

-- For meg har han vore ein spennande, lærerik og triveleg arbeidsplass i snart tretti år. Sentrale leiaroppgåver hadde eg ikkje tenkt å ta på meg fleire av, men når eg no vart oppmoda om å vikariere for høgskuledirektøren, fann eg etter litt tenkjetid å svare ja. Hovudgrunnen til at eg vågar ta oppgåva på meg er alle dei kjekke og dugande tilsette som eg skal samarbeide med, seier Halse til HiVolda.no.

Halse tek til i jobben 3. desember, og skal sitte i direktørstolen fram til 31. august 2019.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS