Rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne, må rydde opp i bruken av overtid ved institusjonen. Foto: Tor Farstad
Rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne, må rydde opp i bruken av overtid ved institusjonen. Foto: Tor Farstad

Revisjonsrapport viser manglande kontroll med overtid

Overtid: Internrevisjon ved Høgskulen på Vestlandet avdekker manglande avtalar, godkjenning, dokumentasjon og kontroll med overtid – og timetal på kant med arbeidsmiljølova.

Publisert

Høgskulen på Vestlandets (HVL) internrevisjon har sett på overtid i organisasjonen og rapporten som vart lagt fram for HVLs styre denne veka slår fast at kostnadene til overtid må ned.

Det er avdekt fleire «vesentlege avvik», skriv På Høyden.

«Betydelig omfang»

Ifølgje revisjonsrapporten er overtidsarbeidet ved HVL «av et betydelig omfang og beløpsmessig størrelse». Rapporten peikar vidare på at «langsiktig bemanningsplan, samt sterkere styring og kontroll av overtidsbruk kan kunne bidra til å sikre etterlevelse av arbeidsmiljølovens regler og reduserte lønnsutgifter». Revisjonen er basert på samtalar, bilagstesting og gjennomgang av tilfeldig utvalde, registrerte overtidsutbetalingar.

Det fremgår av revisjonen at omfanget av overtidsarbeid ved HVL er av et betydelig omfang og beløpsmessig størrelse.
Revisjonsrapport
Revisjon av overtidsbruk ved Høgskulen på Vestlandet

I testperioden på eitt år og fire månader, frå 1. januar 2017 til 30. april 2018, gjekk det med 12,6 millionar kroner til overtid.

Rapporten frå HVL viser at det er ei overvekt av overtidsutbetalingar i månadene juni, juli og desember.

Gjorde fleksitid til overtid

Det er påvist ei rad problematiske sider ved overtidsbruken:

  • Interne retningslinjer ved HVL blir praktisert ulikt ved dei tidlegare nærregionane.
  • Det manglar skriftleg avtale mellom arbeidsgivar og tillitsvalde om utvida grenser for overtid
  • Enkelte manglar førehandsgodkjenningar og avtale om overtid.
  • Det er funne tilfelle av bilag der fleksitidsaldo og reisetidsaldo var omgjort til overtid og utbetalt.
  • Ufullstendige timelister med manglande dokumentasjon av ordinær arbeidstid.
  • Fleire av avtalane om pålagt overtid har høge timetal over korte periodar, og tilfelle av utbetalingar der timetalet var høgare enn grensa arbeidsmiljølova set.
  • Enkelte utbetalingar kan tyde på at overtid i nokon tilfelle er gjort til ei fast ordning.

Skal dokumentere

Både vitskapeleg og administrativt tilsette ved HVL skal dokumentere både normalarbeidstid overtidstidspunkt når det skal utbetalast overtid, ifølgje revisjonsrapporten.

HVL samarbeidar med universiteta i Agder og Stavanger og Nord universitet om internrevisjon. I 2016 etablerte dei rutinar for internrevisjon etter pålegg frå Finansdepartementet.