Øvst frå høgre, med klokka: Ole-Gunnar Søgnen (61), Berit Rokne (61), Geir Anton Johansen (56) og Liv Reidun Grimstvedt (55) kjempar alle om den nye jobben som rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Torsdag denne veka blir truleg ein av dei vald.

Fire er med i rektorfinalen i vest

Ein av desse blir truleg rektor for Høgskulen på Vestlandet denne veka.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Torsdag denne veka fylkar dei seg på Stord: Interimstyret for Høgskulen på Vestlandet (HVL) har møte, og skal avgjere kven som blir den første rektoren for den nye stor-høgskulen.

– Eg kan berre stadfeste at saka kjem, og at intensjonen er å handsame ho på møtet, seier styreleiar og direktør for Forskingsrådet, Arvid Hallén, til På Høyden.

Kven skal ut?

På Høyden kjenner til at blant elleve søkarar, var det fire som gjekk vidare til runden med «finaleintervju». Dette er finalistane:

Kven som skal bli rektor er eit stort og viktig spørsmål. Det er svært store ambisjonar for den nye høgskulen, og då er rektorvalet
avgjerande.

Arvid Hallén

Ole-Gunnar Søgnen (61), sitjande rektor på Høgskolen i Bergen og fusjonens far. Han er sivilingeniør frå NTH, og har doktorgrad frå same stad. Søgnen har mellom anna vore dekan ved avdeling for ingeniørutdanning ved HiB.

Berit Rokne (61), professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho var prorektor ved UiB frå 2009 til 2013, og var viserektor for utdanning frå 2005 til 2009. Rokne tok doktorgrad i sjukepleievitskap i 1993. Ho jobba som studiedirektør ved Høgskolen i Bergen frå 1996 til 1999.

Liv Reidun Grimstvedt (55), rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund. Ho har vore rektor sia 2011, og har vore både dekan og studiesjef ved høgskulen. Ho har hovudfag i mikrobiologi frå Universitetet i Bergen.

Geir Anton Johansen (56), dekan ved avdeling for ingeniørutdanning og økonomifag ved Høgskolen i Bergen. Johansen er professor II i fysikk ved UiB, med vekt på stråling og målevitskap. Han har mellom anna vore instituttleiar på UiB.

Særs viktig for høgskulen

– Denne prosessen må leggast opp slik at ein får det beste resultatet. Kven som skal bli rektor er eit stort og viktig spørsmål. Det er svært store ambisjonar for den nye høgskulen, og då er rektorvalet avgjerande, seier Hallén til På Høyden.

Dei fire finalistane har vore gjennom fleire intervju, og det er ikkje ei lita gruppe dei skal overtyde om at dei er den beste kandidaten:

Stort utval

I det rådgivande tilsettingsutvalet sit det heile sju personar:

  • Arvid Hallén, styreleiar
  • Ingrid Moe Albrigtsen, styremedlem
  • Gunnar Birkeland, styremedlem
  • Karin Stormo, styreobservatør
  • Gunnar Yttri, styremedlem
  • Marianne Rødseth Espelid  (oppnemnd av studentparlamenta)
  • Kristin Ran Choi Hinna (oppnemnd av dei tillitsvalde)

Tilsettingsprosessen har vart heilt sidan juni, då stillinga blei lyst ut. Høgskulen på Vestlandet blir oppretta 1. januar 2017, og erstattar då Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund. 

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS