Kravet om at minst 50 prosent av styremedlemane må vera studentar på UiO, meiner leiar Julie Paus-Knudsen i Studentparlamentet på Universitetet i Oslo, er for strengt.

UiO strammar inn for studentforeiningar

Universitetet i Oslo vil gjere det vanskelegare å bli studentforeining. Studentane protesterar.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei studentforeining må ha minimum fire medlemar, og 80 prosent av dei må vera studentar. Det er to av dei nye reglane Universitetet i Oslo foreslår innført som krav for å bli studentforeining. Studentleiar Julie Sørlie Paus-Knudsen seier nei til mange av dei føreslegne endringane.

Må opne for kontroll

Samtidig må studentforeiningane også opna for at UiO kan kontrollera at medlemane er studentar ved bruk av til dømes studentnummer. Kontaktpersonen til foreininga må vera registrert på årseining eller program ved UiO og sitja i styret.

Desse forslaga kjem UiO-leiinga med i eit nytt forslag til revisjon av reglane for å få status som studentforeining ved Universitetet i Oslo. Forslaga har vore ute til høyring fram til slutten av februar. Frå før står framleis kravet om at halvparten av medlemane i ei studentforeining må vera UiO-studentar.

Kan mista status

Dei andre forslaga som ligg føre er at dersom ei foreining har brote ein av reglane og mister statusen som studentforeining, vil karantenetida før organisasjonen igjen kan søkja om å bli studentforeining, bli utvida til seks månader. Dersom ei studentforeining blir avvikla, skal eit eventuelt økonomisk overskot gå til UiOs Aktivitetsmidlar, så sant foreininga ikkje har spesifisert ein ideell mottakar av verdiane til foreininga, heiter det i høyringsutkastet.

Direktøren fastset

Det er universitetsdirektøren som fastset «Reglementet for godkjenning av studentforeiningar» som vert forvalta av Seksjon for forvaltning av forsking og utdanning (SFFU) og som blir administrert av SiO Foreninger. Det reviderte reglementet er utarbeidd av Seksjon for forvaltning av forsking og utdanning med innspel frå Servicetorget i Eigedomsavdelinga og SiO Foreninger.

Det nye forslaget til medlemskontroll er vist fram for den ansvarlege for handsaming av personopplysningar ved UiO og Personvernombodet ved UiO.

Vil ikkje at 80 prosent må vera studentmedlemar

No har også dei første offisielle tilbakemeldingane frå studentorganisasjonane kome inn. I hovudsak er dei positive til forslaga til endringar, men fest- og kjellarklubbane kjem likevel med ein del kritikk av kravet om at 80 prosent av medlemane må vera studentar.

Den kritikken målber også Studentparlamentet i høyringsvaret sitt. «Et medlemskap hos en kjellerforening gir gratis inngang resten av semesteret og gir dermed incentiver for å komme tilbake på andre arrangementet. 80 prosent-kravet kan føre til at man må nekte ikke-studenter medlemskap som videre vil gi tapte pubinntekter for foreningen» heiter det i kritikken frå Studentparlamentet. Dei viser til at overskotet i kjellarforeiningane går tilbake til UiO-studentane gjennom fleire og betre arrangement. Difor vil Studentparlamentet at kjellarforeiningane blir fritekne frå dette kravet.

I ei samla fråsegn sluttar både Realistforeningen, Filologisk Forening, Medisinerforeninge Kjellerutvalget, Samfunnsvitenskaplig fakultetsforening og Cybernetisk selskab seg bak dette synspunktet frå Studentparlamentet.

For strengt

Også kravet om at minst 50 prosent av styremedlemane må vera studentar på UiO, meiner Studentparlamentet er for strengt. Dei viser til foreiningar som er blitt starta opp og haldne i live av ikkje-studentar, tidlegare studentar eller studentar ved andre lærestader, og difor har hatt under 50 prosent UiO-representasjon i styret.

Studentparlamentet meiner også at det blir altfor problematisk og komplisert å krevja studentnummer frå alle medlemane i studentforeiningane. Dei viser spesielt til vanskane det vil føra til for kjellarforeiningane når dei må be alle som vil innom å visa fram studentlegitimasjon ved inngangsdøra. Difor går UiO-studentane sitt høgste organ også imot det punktet.

Men Studentparlamentet kjem ikkje med noko alternativ til bruk av studentnummer for å kontrollera om medlemane i ei studentforeining er reelle studentar.

Naudsynt med oppdatering

Prorektor Ragnhild Hennum (biletet under) er opptatt at det er viktig å endra reglane frå tid til annan.

– Me møter stadig nye problemstillingar, og regelverket må derfor oppdaterast for å passa med røyndomen.

– Kva gjer Eigedomsavdelinga for å undersøkja om dei organisasjonane som søkjer om å leiga lokale er verkelege studentforeiningar og ikkje studentforeining i forkledning berre for å få tak i billege eller gratis lokale?

– Ved godkjenning av søknader om bruk av rom, sjekkar Eigedomsavdelinga om foreiningane har status som studentforeining på www.sio.no. Viss det ligg føre tvil om studentforeininga er reell kan UiO utføra medlemskontroll.

– Vil ikkje utleige av billege lokale til organisasjonar som verken er studentforeiningar eller akademiske foreiningar ved UiO vera på kanten sett frå  Forvaltningslova og kan grensa til ulovleg statleg sponsing. Kva vil de gjera for å rydda opp i dette?

– Gjennom revisjon av regelverket vil UiO blant anna sikra at tilrettelegginga kjem studentar til gode og at aktiviteten er innanfor UiOs regelverk, avsluttar prorektor Ragnhild Hennum.

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) endra sine reglar for studentforeiningar i 2013 etter mellom anna ein større debatt om foreininga Islam-Net skulle bli godkjente som studentforeining ved høgskolen. Etter nye kriteria fekk søknaden deira om gokjenning avslag. 

Les også:

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS