Universitetet i Oslo best i Noreg, nestbest i Norden
Universitetet i Oslo er best i Noreg, nestbest i Norden og tar 72.-plassen i verda på verdsrangeringa til Webometrics. NTNU er helt nede på 170 plass, godt bak Universitetet i Bergen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Helsingfors universitet er framleis det mest synlege universitetet i Norden på Internett. Universitetet i Oslo (UiO) kjem på andreplass, medan Københavns Universitet tar tredjeplassen, melder det spanske rankingbyrået Webometrics, ifylgje Uniforum.
Universitetet i Oslo hamnar på 72. plass i verda på Webometrics’ siste ranking over dei universiteta som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar digitalt tilgjengelege. Dermed klatrar UiO opp 12 plassar samanlikna med rankinglista som blei publisert i fjor sommar, men ned fire plassar samanlikna med den same rankingen for eitt år sidan.
Les også:
Når det gjeld graden av openheit, skårar UiO endå høgare, og tar 34.-plassen i verda. På denne rangeringa er også UiO godt inne i den europeiske meisterligaen med ein tiandeplass.
– Hyggeleg!
UiO-rektor Ole Petter Ottersen er godt nøgd med at det går framover med universitetet han leier på denne målinga.
– Det er alltid hyggeleg å gjera det godt på rangeringar! Men det må alltid takast atterhald med omsyn til metodeavgrensingar. Slike atterhald tar eg uansett, både når me stig og fell på rangeringar, understrekar han.
– Eit resultat av det daglege arbeidet
Ottersen rosar arbeidet som alle medarbeidarane på universitetet yter kvar dag.
– Å stiga på rangeringar skal aldri vera eit mål i seg sjølv, men eit resultat av det daglege
arbeidet alle medarbeidarane våre investerer i å gjera UiO endå betre. No har me altså stige på Webometrics.
– Me har enno ikkje nådd å analysera talmaterialet. Men me veit at UiO har gode og mange nettsider og stor synlegheit på nettet, og at det heile tida blir arbeidt for å bli endå betre på disse områda. Dei som står bak nettsidene våre, gjer ein utmerka jobb - og det veit me, uavhengig av Webometrics, slår Ole Petter Ottersen fast overfor Uniforum
Helsingfors gjer det best
I Norden er det nok ein gong Helsingfors universitet som gjer det best både i verda og i Europa med høvesvis ein 61. plass og ein åttandeplass. Københavns Universitet kjem på 79. plass i verda, medan det beste svenske, Lunds universitet, plasserer seg som nummer 118.
Karolinska Institutet i Stockholm, som i hovudsak driv med medisinsk forsking, er ikkje med på denne rangeringa. På andre universitetslister, som til dømes i Times Higher Education og i Shanghai-rankinga, brukar den institusjonen å liggja i toppen både i Europa og i Norden.
UiB slår NTNU
I Noreg hamnar Universitetet i Bergen på 140. plass i verda, medan NTNU må ta til takke med å vera nummer 170. det er 20 plassar ned frå 2015. Me finn UiT-Noregs arktiske universitet som nummer 422, og Universitetet i Agder endå lenger nede, som nummer 901.
Ifylgje Webometrics er det Harvard-universitetet som er det aller mest synlege i verda på Internett. Det blir fylgt av Stanford og Massachusetts Institute of Technology (MiT).
I Europa er universiteta i Oxford og Cambridge på topp. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda, er tyskspråklege Swiss Federal Institute of Technology i Zürich i Sveits. Det får ein tredjeplass i Europa og ein 19. plass i verda.
HiOA på veg opp i verda
Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er på åttande plass i Noreg, og 1361. plass i verda. HiOA har klatra 300 plassar frå målinga for eitt år sidan, på verdsrankinga, og 50 plassar på den europeiske rangeringa. HiOA har rett nok dalt ein plass i Noreg frå 7. til 8. plass.
Webometrics måler i kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, og det blir av forskargruppa bak målinga rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.
Rankingbyrået er tett knytt til det spanske forskingsrådet.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!