Foto: Olav Heggø/Justis- og beredskapsdepartementet

UH-sektoren manglar planar mot radikalisering

Radikalisering. Ei rekkje fylkeskommunar har utvikla eige planverk mot radikalisering, med vekt på arbeid i den vidaregåande skulen. Men innanfor høgare utdanning er det lite formelt planverk å finna.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fredag starter ein konferanse om radikalisering og valdeleg ekstremisme i Stavanger, i regi av Beredskapsrådet(Råd for samfunnssikkerhet og beredskap i kunnskapssektoren), skriv På Høyden.

Dette rådet vart etablert av Kunnskapsdepartementet i fjor, som eit frivillig tiltak for å styrka arbeidet med samfunnstryggleik og vernebuing innan sektoren. Blant temaa det vart peika på i rådet sitt mandat var førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme blant studentar. Konferansen i Stavanger set då også søkjelys på spørsmål knytt til dette. Ikkje minst: Er utdanningssituasjonen budde på å handtera radikalisering blant studentane? Og kva for ansvar har eigentleg kunnskapssektoren på området?

Radikalisering relativt nytt

Arbeid med bevisstgjering og dialog med studentorganisasjonane som ledd i førebyggjande arbeid, også mot radikalisering og ekstremisme.

Margareth Hagen

Ein rask gjennomgang gjort av På Høyden syner at det knapt finst formalisert planverk for førebyggjande arbeid på dette området. Det er eit inntrykk me også får stadfesta frå Mona Wille, som i si masteroppgåve ved Universitetet i Oslo i fjor såg nærare på nettopp rolla til universitet og høgskular her til lands har i arbeid mot radikalisering.

— Institusjonane har formaliserte planverk når det gjeld tryggleik og beredskap generelt, seier Wille.

— Men når det gjeld planverk for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme er det relativt nytt i sektoren. Diskusjonen går blant anna på kor vidt noverande planverk fungerer godt nok til å også handtera radikaliseringsutfordringar, eller om dei krev nye tiltak.

— Viktig å utveksla erfaringar

Prorektor Margareth Hagen ved UiB skal sjølv ta del på konferansen i Stavanger.

— Eg voner på å få betre oversikt over og innsikt i problemstillingane, for å verta budd på å leggja nokre løp for Universitet i Bergen frametter, seier ho til På Høyden.

Blant dei som skal halda innlegg på konferansen er Anne Birgitta Nilsen, professor på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), og leiar for forskargruppa Profesjonskompetanse om ekstremisme og radikalisering.

— Det er viktig å utveksla erfaringar og å diskutera kva me må gjera meir av, seier Nilsen. Ho understrekar samstundes at hovudoppgåva til universitets- og høgskulesektoren må vera forsking og undervisning, og peiker blant anna på vidareutdanninga rundt ekstremisme og radikalisering som HiOA tilbyr, retta inn mot lærarar, barnevernsarbeidarar, politi og andre som arbeider i fyrstelinetenesta.

Margareth Hagen peiker på eit inkluderande og ope læringsmiljø som viktig førebygging i seg sjølv. Ho framhevar også arbeid med bevisstgjering og dialog med studentorganisasjonane som ledd i førebyggjande arbeid, også mot radikalisering og ekstremisme.

— Unngå moralsk panikk

Wille fortel at det i Noreg har vore skepsis knytta til implementering tiltak retta særleg inn mot radikalisering.

— Skepsisen handlar blant anna om ei uro for at institusjonar innanfor høgare utdanning skal få ei overvakingsrolle, seier ho, og peiker på at også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har understreka at det ikkje er ynskjeleg.

— I Storbritannia har myndigheitene gjennom Prevent-strategien gått langt i å pålegga universitet å kartleggja og rapportera inn studentar som syner teikn til radikalisering. Men både definisjonar på kva som er ein radikalisert student, og sjølve praksisen med å kartleggja dei, er kontroversiell, og har skapt stor debatt.

Nilsen – som sjølv blant anna har forska på hatretorikk – maner til ei balansert tilnærming.

— Det er viktig å unngå moralsk panikk, seier ho, og peiker på at ekstremisme og radikalisering ikkje har vore noko stort problem for hennar eigen utdanningsinstitusjon.

— Ein skal ikkje ta lett på det, men heller ikkje haussa fenomenet opp. Det siste kan i seg sjølv vera med på å gje næring til ytterleggåande rørsler.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS